Hareid opna sesongen med bortekamp mot Skarbøvik på "Siffen". Heimelaget rykte ned frå 3.-divisjon sist sesong, då Hareid enda på ein 10. plass i 4.-divisjon.

Dei to siste sesongane har Hareid vunne i serieopninga, og slik skulle det gå også denne sesongen. Skarbøvik tok leiinga, men Hareid utlikna etter ein corner, før Thor-Ove Brekke avgjorde kort tid før slutt. Brekke sette returen i mål etter at Ruben-Kenneth Brandal fekk eit skot redda.

- Det var kjekt! Det er ei god opning og kanskje litt over det som var forventa. Vi spelar borte og mot eit lag som spelte på høgare nivå i fjor. Dermed er det kanskje litt overraskande, men også fortent, fortel trenar Einar Magne Skeide.

Han fortel at det var ein jamn og sjansefattig kamp mellom dei to laga, der det spesielt i den første omgangen var lite sjansar. Skeide fortel at det kjendes noko ufortent då Skarbøvik tok leiinga på si første moglegheit i den andre omgangen.

- Vi greier å snu det med to scoringar dei siste ti minutta, så det var veldig bra, slår han fast.

Skeide rosar laget for god arbeidsmoral og for å ikkje gje opp då Skarbøvik tok leiinga.

- Vi står på heilt inn. I staden for å dette saman, så står vi endå meir på og vinn 2-1. Og det synest eg var fortent.

Dermed startar Hareid med tre poeng etter første seriekamp for tredje sesongen på rad. Og då spørs det om ein kan få det betre til frå start også heime denne sesongen.

- Desse gutane tapte ein del i fjor, så når vi no får ein siger i første kampen så gir det litt sjølvtillit. Og no må vi også byrje å vinne meir heime, slår Skeide fast.

Hareid: Fredrik Lonbakken – Venthan Ketheeswaran, Lars Roar Holstad, Simon Holstad Grimstad, Nauris Driksna (Ole André Kragset 49) – Ruben-Kenneth Brandal, Torgeir Skeide, Jon André Thue (Alexander Nevstad 64) – Runar Stranden, Thor-Ove Brekke, Robin Jackson Indreflø (Martinus Røyset Bakken 76)