Onsdag 19. november opnar Hødd opp for at sesongkorthaldarar frå 2014-sesongen kan sikre seg plass på nye Høddvoll for 2015-sesongen.

– No startar gjenkjøpsperioden for alle som har hatt sesongkort på Høddvoll, fortel Lars-Petter Rønnestad og Kari Mette Sundgot i Hødd.

Ny familietribune

Dei gjer merksam på at det ikkje er opna nysal av sesongkort på noverande tidspunkt. Det skjer først frå 6. desember.

Ifølgje Kari Mette Sundgot vil ein så langt som mogeleg freiste å gjere det slik at publikum kan få tilnærmingsvis like plassar som tidlegare, men som Lars-Petter Rønnestad understrekar så er det ein viss skilnad i utforminga på hovudtribunen på nye Høddvoll i forhold til Hødd si gamle heimebane.

Nytt til den komande sesongen er at publikum kan skaffe seg billettar på den nye familietribunen, på motsett side av hovudtribunen.

– Dette gjeld sjølvsagt også for gjenkjøp, slår Sungdot og Rønnestad fast.

Hødd ikkje vil auke prisane på sesongkort på hovudtribunen for den komande sesongen, og legg til at det blir endå rimelegare billettar på den nye familietribunen.

– Det vil løne seg å kjøpe sesongkort. Alle skal ha råd til å sjå kamp på Høddvoll, slår Sundgot og Rønnestad fast.

Gjenkjøp før nysal

Dei fortel også at barn vil kome gratis inn på ståtribunen den komande sesongen, men at dersom dei ønskjer sitjeplassar så må det løysast enkeltbillettar eller sesongkort.

Kari Mette Sundgot understrekar at alle som skal gjenkjøpe sesongkort for den nye sesongen må møte på Høddvoll. Det må skje før 6. desember då det blir opna for nysal.

Hødd har oversikt over opningstider for billettkjøp og billettprisar på sine nettsider.