Dragsundbrua er smal, så når brøytebilen skal køyre over brua, blir brua stengt.

- Det er korkje plass eller sikt til at det er forsvarleg med trafikk på brua. Brøytebilsjåføren slår da på skiltet som viser at brua er stengt, forklarer Anne Marit Øksenvåg Johansen i Statens Vegvesen.

Ho fortel at dei har store utfordringar med at trafikantane ikkje respekterer skiltinga og køyrer sjølv om brua er stengt.

- Det fører til trafikkfarlege situasjonar. I verste fall kan det skje svært alvorlege ulykker, åtvarar ho.

Vegesenet vonar at trafikantane vert klar over faren dei utset seg sjølv og andre for ved å ikkje respektere skiltet.