Han fekk debuten sin for A-laget til Hødd som innbytar i cupkampen mot Spjelkavik i april. Sidan den gong har det blitt ytterlegare 12 kampar for 19-åringen, med fire startar i 2.-divisjon.

Bendik Rise og Daniel Eid har kanskje i endå større grad fått sine gjennombrot denne sesongen, og blitt faste brikker i Hødd-laget, men Franke Saunes er ikkje langt unna.

– Eg har kanskje også den hardaste plassen å kjempe om, sidan eg konkurrerer med Torbjørn Kallevåg, men det trur eg er bra. Då må eg prestere på kvar trening, eg må prestere når eg får sjansen og når eg spelar for Hødd 2. Det har vore eit veldig lærerikt år, der eg har hatt Torbjørn som eit forbilde og nokon å strekke seg etter, fortel midtbanespelaren.

No er det klart at Kallevåg før neste sesong sluttar seg til FK Haugesund. Kanskje opnar det sjansen for Franke Saunes?

– Det er sjølvsagt noko eg har tenkt på, og noko eg har lyst til, men det er ei stor rolle og utan Torbjørn har vi kanskje ikkje den stjerna på laget. Dermed kan det hende at Hødd hentar inn nokon, men gjer dei det så skal eg gje han kamp om plassen. Det er ein plass eg har lyst på til neste år, slår Franke Saunes fast.

Vil spele andre gode

Søndag kom det som truleg er høgdepunktet så langt, då han spelte fram ein annan 98-modell, Håkon Botn Brautaset, på det som blei den avgjerande scoringa mot Vindbjart.

– Den kjenner eg på endå. Det gir framleis ei skikkeleg glede inne i meg, og spesielt når det er vi unggutane som får det til. Det å sjå den ballen gå inn og at det er Håkon som scorar, før han kjem springande mot meg, det er ein ubeskriveleg følelse. At det i tillegg var i 90. minuttet med god stemning på Høddvoll, i ein kamp der vi hadde vore under to gongar, så er nok det den kjekkaste kampen eg har vore med på i år. Sjølv om spelet varierte, så klarte vi å bikke det i vår favør og unggutane viste at vi kan klare det vi også.

Det var første målet Franke Saunes var direkte involvert i på A-laget, men for rekruttane er han oppe i fem scoringar frå sin midtbaneposisjon, og der har det kome nokre skikkelege susarar frå langt hald.

– Det er kjekt å kunne bidra litt på den måten, og kanskje vere litt meir ego enn eg har vore. Tore å skyte og i større grad vere med på å prege kampane. Heimanfrå har eg fått høyre at eg må prøve litt meir sjølv. For det blir jo ikkje mål om ein ikkje torer å prøve, fortel han.

Til no har midtbanespelaren i større grad vore ein tilretteleggar enn ein avsluttar, og Saunes meiner det å spele andre gode er ein av styrkane hans på fotballbanen.

– Ofte synest eg det er like kjekt at det er andre som scorar, og det gir meg glede å kunne spele opp dei andre. Innsatsen har også alltid vore ein stor styrke for meg, eg spring mykje og jobbar hardt kampane gjennom.

For A-laget har han i hovudsak blitt brukt i ei indreløparrolle, medan det for rekruttane også har blitt ein del kampar som anker på midten. Franke Saunes meiner han kan passe i begge rollene og at det beste kanskje vil vere å kunne bidra i begge.

– Eg synest det har vore kjekt å få spele i ankerrolla på Hødd 2, men så likar eg jo også å få vere med meir framover og å få bruke løpskapasiteten min som indreløpar, både offensivt og defensivt. Eg har fått spørsmålet tidlegare også, men eg veit ikkje heilt kva som er mi rolle endå og kanskje er det like greitt.

Fokus på fotballen

Løpsstyrken til ungguten er det liten tvil om. Franke Saunes har mellom anna prøvd seg på lengre løp, og var bestemann i si årsklasse på halvmaraton under Oslo Maraton i 2014. Det er dermed andre område han heller fokuserer på å forbetre.

– Duellstyrke er noko av det eg jobbar med dagleg. I tillegg må eg jobbe meir med fart og hurtigheit. Bli litt raskare i forflyttingane.

Men maraton er det slutt på?

– Ja, det får vi vente med. No satsar eg på fotballen.

I vår var 19-åringen russ og avgangselev ved Ulstein vidaregåande. No jobbar han litt på fotballfritidsordninga i Hødd, men det er fotballen som er hovudprioritet.

– Eg har tatt med eit friår frå skule. Fotballen har eg no, og eg ønskjer å satse på den. Eg har litt jobb ved sidan av og får fylt dagane med litt ulike aktivitetar. No ønskjer eg å sjå kor langt eg kan nå.

Eirik Franke Saunes kjem frå ein svært spanande årgang i Hødd. Allereie har fire spelarar fødde i 1998 debutert i serie eller cup, og fleire bankar på førstelagsdøra.

– Vi er eit bra kull. Ein kompisgjeng som eigentleg har spelt saman heile livet. Eg merkar at spesielt med Bendik (Rise) og delvis med Daniel (Eid), så kjenner eg dei betre enn dei andre på A-laget, og vi tenkjer nok meir likt. Også då vi var mindre så forstod eg og Bendik kvarandre veldig godt, og forstod spelet mykje på same måten. No når vi har teke steget oppover, så har vi framleis den relasjonen.

At spelarane kjenner kvarandre godt er neppe noko ulempe, men det å sjå lagkameratane lukkast fungerer også som ein solid motivator.

– Det har gleda meg veldig. Det er kjekt å sjå at det er mogleg, og då veit eg også at det er mogleg for meg. Eg håpar også det gjeld for fleire av dei som kjem opp, fortel 19-åringen.

Opplevde kontrastane

Som mange av jamaldringane i 98-kullet til Hødd har Eirik spelt i klubben heile livet. Han har likevel spelt éin kamp for ein annan klubb.

– Eg har ein kamp for Karanba i Brasil. Då pappa (Hallstein Saunes) var Lyn-trenar så trente han Tommy Nilsen, som starta Karanba. Vi trefte dei på Norway Cup og det vart eit kjærleiksforhold mellom meg og den klubben. Då eg var 14 eller 15 fekk eg i bursdagsgåve at eg skulle få lov å reise ned. Eg sparte i eit heilt år for den reisa, og der fekk oppleve kvardagen til dei som bur i slummen i Brasil. På slutten av opphaldet fekk eg vere med på ein kamp med Karanba og eg scora eit mål, smiler Saunes.

På den humpete grusbana, med ein og annan grastust, opplevde han noko heilt anna enn det som er kvardagen heime i Ulsteinvik, der Hødd-spelarane kan boltre seg på ei strigla kunstgrasbane.

– Det er ein enorm kontrast mellom det livet dei lev og slik som vi har det her heime. Det sette verkeleg ting i perspektiv for meg, og då eg kom heim så forstod eg kor heldige vi er. Det var ei oppleving for livet.

Til helga reiser Hødd til Trondheim for å møte Byåsen. Med både Torbjørn Kallevåg og Bendik Torset ute med karantene er det mykje som tyder på at Franke Saunes får ein ny sjansen på midtbanen.

– Eg er klar til å bidra. Ein må ta vare på dei sjansane ein får no på slutten av sesongen.

Mentaliteten har kome på plass

Det i ein sesong der Hødd aldri heilt klarte å henge med i kampen om opprykket.

– Vi har kome oss, spesielt etter sommaren. Då tenkjer eg på at vi fekk inn att Robin Shroot, og at Robin Hjelmeseth kom tilbake. Ikkje at det var noko gale med dei som var her frå før, men ein ser at vi har kome inn i ein god stim, og er i ferd med å skape den vinnarkulturen og mentaliteten som vi må ha. No har vi sju kampar på rad utan tap, og eg synest vi viste på søndag at vi har fått på plass den mentale biten. Vi gir oss ikkje før dommaren bles av, og no sit vi att som vinnarar. Det synest eg kanskje vi mangla litt på vårsesongen, seier Saunes.

På A-laget er han tilbake «under vengane» til Sindre Eid, som 98-arane har god kjennskap til frå tidlegare.

– Eg likar Sindre veldig godt, og kjenner han godt på og utanfor fotballbanen. Han er veldig ærleg, vil alle godt, og er flink til å hjelpe spelarane i rett retning. Han trente oss då vi var små og på rekruttlaget i fjor. Han har vore der heile vegen og veit kva vi står for.

Mellom anna har det blitt mange morgontreningar saman med dagens hovudtrenar.

– Det var vel han og Daniel som starta med det, før eg og Bendik blei med. Det vart ei gruppe som berre vaks og vaks, så Sindre veit at det er mange av oss 98-arane som har vore ivrige heilt sidan vi var seks-sju år. Hadde vi ikkje vore det, så hadde vi nok ikkje blitt eit så sterkt kull, og eg trur heller ikkje så mange ville fått prøve seg på A-laget.

Fire frå start: 3–2 sigeren over Vindbjart var Eirik Franke Saunes sin fjerde start for A-laget til Hødd i seriesamanheng. Der vart han også kåra til banens beste av ein lokal jury. Foto: Per Werkland Foto: Per Werkland