Med spelarar som til dømes Michael Barrantes, Fredrik Ulvestad og Jonatan Tollås Nation i startopptillinga, var det inga tvil om at gjestane frå Ålesund hadde favorittstempelet på seg. Det skulle derimot gå lenge før eliteserielaget skulle få hol på byllen.

Det fyrste målet kom nemleg ikkje før det hadde gått 37 minutt på "River Plate" i Gursken. Ute til høgre fann Michael Barrantes angrepsspelaren Abderrazzak Hamdallah inne i feltet, som enkelt kunne setje inn 0-1.

- Ville berre ha eit mål

Den fyrste omgangen var både jamn og tett, men då laga kom ut på bana etter kvilen kunne eit tydeleg merke nivåskilnadane på laga. Tollås Nation la på til 0-2 etter ein snau time, før Hamdallah skåra to mål til og sikra seg eit hat-trick med 75 minutt på klokka. Andreas Nordvik fastsette så sluttresultatet til 0-5 tre minutt før slutt.

LGFK-kaptein Thomas Sætre Hauge meiner at eit tap var greitt nok, men han ville gjerne ha sett i alle fall eitt mål frå heimelaget.

- Det blir tungt å kome tilbake når vi ligg under med to-tre mål. At vi tapar er i og for seg greitt, men det hadde vore fint med eit mål på slutten for å høyre jubelen frå tilskodarane, fortel kapteinen.

- Korleis var det å spele mot eit lag som AaFK?

- Det var veldig kjekt. Det dei presterte i fyrste omgang var eigentleg ikkje så veldig avskrekkande. Dei hadde nokre gode sjansar og vi hadde nokre sjansar. Det var litt spesielt å spele mot spelarar som vi vanlegvis berre ser på TV, men medan kampen gjekk føre seg tenkte eg ikkje så mykje over det.

Tødenes nøgd med laget

- Eg tykkjer at 0-5 var litt vel mykje, men eg tykkjer at vi står godt på. Vi spelar bra innimellom, men utover i andreomgangen blir vi litt slitne og gjer en del småfeil. Likevel så trur eg at gutane hadde det kjekt og fekk god lærdom av kampen, seier LGFK-trenar Per Rune Tødenes.

AaFKs Barrantes fekk mykje skryt av heimelagets trenar, og legg ikkje skjul på at det hadde vore kjekt å slå ut både han og AaFK ut av cupen.

- Ja, det hadde jo vore kjekt, men samtidig må vi stikke fingeren i jorda å vere realistiske. Vi har ingenting å skjemme oss over, stadfestar han.

- Tok det på alvor

Ein tilfreds AaFK-trenar innrømmer at han ikkje tok lett kampen, og var greitt fornøgd med det han såg. Han likte også godt å få eit avbrot frå kvardagen i eliteserien.

- Det er viktig å kome seg ut i nærmiljøet også for å vise kva vi står for og vise fram vår fotball. Så denne kampen tok vi på alvor. Og så er det litt annleis enn å spele ein vanleg seriekamp, fortel trenar Jan Jönsson.

Kampfakta:

Noregsmeisterskapen, 1. rundeLarsnes/Gursken - AaFK 0-5 (0-1)Gursken Kunstgrasbane River PlateTilskodartal: 1208Mål: 0-1 Abderrazzak Hamadallah (37.), 0-2 Jonatan Tollås Nation (58.), 0-3 Abderrazzak Hamadallah (66.), 0-4 Abderrazzak Hamadallah (75.), 0-5 Andreas Nordvik (87.).

LGFK (4-4-2): Kjell Edward Fure - Stian Ristesund, Oskar Gunnarstein, Tor Arne Dyrhol, Leiv Sindre Muren - Preben Sætre, Johnny Moltubakk, Christoffer Rekdal, Anders Vaagen - Ronny Jørgensen, Thomas Sætre Hauge

Heider:

Johnny Moltubakk ***Anders Vaagen **Oskar Gunnarstein *