I fjor var Dimna-utøvaren Renate Grimstad den tredje raskaste utøvaren i 100m hekk i Noreg. Berre slått av Isabelle Pedersen (13,07) og Tale Ørving (13,66), var Grimstads raskaste tid på 13,81 - som per dags dato også er hennar personlege rekord.

Året 2015 har derimot ikkje vore fullt så hyggjeleg for 23-åringen.

- Nei, det har ikkje blitt heilt den sesongen eg hadde håpa på. Det var eigentleg skada som sette meg litt ut. 27. desember trakka eg over, og så viste det seg at det var eit brot. Det fann vi eigentleg ut ganske seint, for det viste ingenting på røntgenen då eg sjekka det opp i Volda. Men sidan det varte så lenge så tok eg ein MR i Oslo – og då var der eit lite brot, fortel Grimstad.

På Hadarleikane

Det betyr at det har blitt langt ferre øvingar denne sesongen, og då ho deltok på Hadarleikane sist helg var det berre det andre løpet ho hadde gjort dette kalenderåret.

Men der overraska ho seg sjølv.

- Det gjekk mykje betre enn eg hadde trudd. Eg hadde ikkje rekna med å springe under 14 sekund. Så eg var eigentleg veldig nøgd, smiler hekkeløparen, som påpeika at ho også sprang åleine under Hadaleikane. Det gjorde løpet meir imponerande, ettersom det ikkje var andre å måle krefter mot.

Bur i Oslo

Den siste tida har Grimstad heldt seg oppteken med sjukepleiestudiar i Oslo, og har vore ein del av treningsgruppa til polske Przjemek Kram, saman med mellom anna lagkamerat Marthe Mjøen Berg.

- Det fungerer veldig bra. Nokon har dotte litt av, men det er ei veldig fin gruppe. Det er ein stor fordel at han også er fysio og kan akupunktur. I alle fall for min del så har det hjelpt veldig, stadfestar Grimstad.

Det store målet for Grimstad no er å hevde seg i senior-NM i slutten av månaden.

Tenkjer på neste sesong

For Berg sin del, som også har slitt med skadar i år, vert det truleg uaktuelt med noko meir tevling denne sesongen. Hovudfokuset hennar er no å sikte seg inn på sesongoppkøyringa for den komande sesongen.

Ho forklarar at ho har hatt ei senebetennelse som er veldig typisk for hekkeløparar. Så det har teke tid, og vil sikkert ta tid, seier ein tilsynelatande optimitisk Berg.

- Så planen er å ta det roleg nokre veker no slik at det får kvile, og så byrje på at når dei andre er ferdige med sesongen.

I staden har det blitt alternativ trening på 22-åringen, som for tida held på med ei lektorutdanning ved Universitetet i Oslo. Sidan det no ikkje vert noko særleg med tevling dei komande vekene, får ho heller heie litt ekstra på dei andre i Dimna-gruppa.

- Det blir jo spanande å sjå ka dei andre får til, seier ho.