Det ulsteinvikbaserte reiarlaget World Wide Supply har avslutta aksjeteikninga i samband med ei kapitalutviding på 130 millionar kroner.

I ei pressemelding blir det opplyst at av kapitalutvidinga har eksisterande aksjonærar teikna seg for 81,8 millionar kroner, og nye aksjonærar for 48,4 millionar kroner. Overteikninga var på om lag 50 millionar kroner.

Av dei nye aksjonærane  er J O Odfjell AS, Holberg Norge og ei rekkje private og institusjonelle investorar. I alt har det blitt 23 nye aksjonærar.

Totalt 50 aksjonærar

World Wide Suppy AS har etter emisjonen totalt 50 aksjonærar.

Etter emisjonen er dei største aksjonærane i selskapet J O Odfjell AS, Frydenbø Investment AS, Lundh Labradoreksport AS, Sydvester AS og Holberg Norge.

Styreleiar Knut Herman Gjøvaag uttaler at han er svært nøgd med resultatet av emisjonen, sjølv om kursen var mykje lågare enn venta, men at det er eit resultat av den rådande kapitalmarknaden.

Auke i finansiell kapasitet og styrekompetanse

Dei nye aksjonærane representerer ein betydeleg auke både i finansiell kapasitet og styrekompetanse.

Gjøvaag er også nøgd med at 21 av dei 27 eksisterande aksjonærane har vore med i emisjonen, tilsvarande ei samla teikning frå eksisterande aksjonærar på 62,7 prosent av heile emisjonen.