- Eg såg det kom røyk og eld ut gjennom taket, og ringde umiddelbart til brannvesen og politi, fortel eit vitne. Ho er ei av mange som samla seg i eit byggefelt i Brandal for å sjå eldtungene sluke huset.

Klokka var 18.17 då ho ringde politi og brannvesen. Men om nokon har ringt før, veit ho førebels ikkje.

Andre vitne fortel at dei er imponert over kor raskt brannvesenet kom til staden. Det kom brannbil frå både Ulstein og Hareid.

Men huset står ikkje til å redde.

- Heldigvis er ingen skadde i brannen, fortel ein annan person.

Huset, eit eldre trehus, står i ei klynge nær andre hus, men brannvesenet verkar å ha kontroll på omkringliggande busetnad.

Det er Wenche Røren som eig huset, og det er barndomsheimen hennar. Det var no utleigd.

- Dette er trist, kommenterer Einar Arne Røren, som kom til for å sjå på kva flammane gjorde med eigedomen til han og kona.

Huset står nok ikkje til å redde.

Evakuerer husa rundt

Politiet vil stå for evakuering av naboar til brannen. Grunnen er sterk røykutvikling av giftig røyk. Hareid brannvesen vil oppmode alle andre i nærleiken til brannen om å halde seg innandørs. Dei bør også ha igjen vindauge og skru av ventilasjonen. Røyken er som sagt giftig ig vinden kan snu raskt.

Særleg viktig er det for personar med astma eller nedsett lungefunksjon ikkje pustar inn røyken.

Kontroll på brannen

Politiet melder like før klokka 20.00 at dei no har kontroll på brannen. Huset vart totalskadd i brannen. Rundt halv ni i kveld vart Ulstein brannvesen dimitert frå jobben, men Hareid brannvesen vart att og dreiv ettersløkking.

For tidleg å seie noko om årsak

Politiet melder i kveld at det er for tidleg å seie noko om årsaken til brannen. Det vil bli oppretta sak på brannen. Brannstaden vil bli undersøkt når det er mogleg. For å prøve å finne årsaken til brannen vil dei gjennomføre tekniske og taktiske undersøkingar når det er mogleg.

Elden står ut gjennom tak og vegger. Foto Anne Gry Eilertsen