I går føremiddag (fredag) spelte Fjøresteinane opp til stordans på Landskapet på Ulstein vidaregåande skule.

Fjøresteinane er ei gruppe som Stig Grimstad arbeider med på 7. året ved Ulstein vgs. Elevane har gått der i 3-4 år. Fredag er musikkdagen. Då møtest dei og øver i lag. Innimellom speler dei konsert for vener og familie, og dei opptrer på julekonsertane på uvs.

Denne fredagen var det fint laga til på landskapet med mange innbedne gjester. Denne dagen kom det dagsenter og undervisningstilbod frå Ørsta, Volda, Hareid og Herøy.

Tidlegare har Fjøresteinane både varma opp for Merkesteinane og vore vikarar for dei. Det var Merkesteinane som gav dei namnet Fjøresteinane.

Meir i papiravisa tysdag.