I ettermiddag starta det å brenne i ein bustad på Eggesbønes i Herøy. Ein mann vart frakta til sjukehus. Skadegraden er uviss. Naboleilegheitene er evakuerte. Ingen i desse leilegheitene er skadde. Brannen er no sløkt.

Oppdatering klokka 20.45:

Politiet opplyser no at mannen er alvorleg skadd. Han blei berga ut av bustaden av eit vitne. Kriseteamet i Herøy kommune er kopla inn. Pårørande av mannen er varsla. Naboleilegheitene vil bli evakuerte framover. Bebuarane vil få tilbod om husvære av kommunen.