Gunnar Øvrelid valte nyleg å hente heim si demensramma kone Anne-Lise frå skjerma avdeling ved Hareid sjukeheim. Han er sterkt kritisk til korleis avdelinga blir driven, og skuldar på alt for låg bemanning.

– Det er ei skam for den såkalla velferdsstaten Noreg, at ein er nøydd til å gjere dette for at eit menneske skal ha det best mogleg, seier Gunnar Øvrelid.

Det byrjar å bli nokre år sidan Anne-Lise og Gunnar Øvrelid fekk vite diagnosen. Det kom fram at Anne-Lise hadde Alzheimers sjukdom.

– I byrjinga lo vi eigentleg mest av det, for vi forstod ikkje heilt at det kunne vere sant, seier Gunnar Øvrelid til Vikebladet Vestposten.

Men så kom alvoret. Etter jul i år har det gradvis blitt meir og meir tydeleg.

– Det har gått i ei rasande fart. Både hugsen, konsentrasjonen og språket har forverra seg i stort tempo, seier Gunnar. Han ser over på sin kjære Anne-Lise og smiler.

Ekteparet sit i kvar sin godstol når lokalavisa kjem på besøk. Diagnosen har for det meste styrka forholdet mellom dei to.

– Det er både av det gode og det vonde. Vi har aldri vore så nære kvarandre som det vi er no, men samstundes har ho ein fysisk og ein psykisk tilstand som gjer at eg må ta meir av ansvaret for det økonomiske og det som skal gjerast i huset og på eigedommen.

– Hadde det ikkje bra

Gunnar bestemte seg nyleg for å hente heim kona frå Hadartun, eller Hareid sjukeheim, fordi han meiner ho ikkje får det tilbodet ho bør få ved sjukeheimen.

– Det var tungt å hente ho heim igjen. Samstundes har det letta på samvitet mitt. Eg følte meg til tider som ein svikar når eg måtte få ho på heimen. No ser eg heilt klart at eg har gjort det rette valet ved å hente ho heim igjen, ho hadde det verkeleg ikkje bra der.

Gunnar har mykje å stri med sjølv, og sjølv om ekteparet får hjelp av heimehjelpa, er det ikkje enkelt for han.

– Det at ho er heime igjen med meg går mykje på hennar psyke, men også på min eigen. Eg går sjølv på sterke medisinar. Eg har KOLS, astma og byrjande lungeemfysem. Alt det betyr likevel lite når eg veit at ho har det mykje betre heime hjå meg, enn på sjukeheimen. Det einaste er at eg er fortvila over at eg ikkje kan gjere meir enn det eg kan.

– Ikkje ein verdig kvardag

Det er berre ein knapp månad sidan Anne-Lise fekk plass på skjerma avdeling ved Hareid sjukeheim. Nyleg valte Gunnar å hente ho heim.

– Eg har sett ei markant forverring i tilstanden hennar, berre i løpet av den tida ho var på Hadartun. Då eg var innom avdelinga sprang dei tilsette frå oppgåve til oppgåve for å rekke over alt. Bebuarane blei difor anten sitjande på romma sine, eller på opphaldsrommet, for seg sjølve. Dette utan nokon form for kontakt eller interaksjon med dei andre. For dei som er råka av demens er nettopp stimulering av hjernen det viktigaste. Dei tilsette har ikkje tid til å sørgje for at bebuarane har ein verdig kvardag, seier Øvrelid og legg til:

– Kva er det eigentleg vi driv med? Dei som bygde landet på sildefiske og jordbruk blir tilsidesett i rikare tider. Vi burde som kommune og land ha pengar nok til å sørgje for ein verdig kvardag for alle. Dersom ein sviktar eitt individ i Noreg, så sviktar ein heile staten. Ein bør halde seg for god til dette, seier Gunnar Øvrelid avslutningsvis.

KOMMUNALSJEFEN VEDGÅR FOR FÅ TILSETTE

Kommunalsjef for helse- og omsorg i Hareid kommune, Elly Kirkeslett, er einig med Gunnar Øvrelid i at det er for få tilsette ved skjerma avdeling.

– Eg kan vise til årsrapporten, der eg med klare ordelag skriv at skjerma avdeling bør få fem fleire stillingsheimlar for å yte ein aktiv miljøterapi og ein aktiv kvardag for bebuarane, seier Elly Kirkeslett.

Ho poengterer samstundes at dei tilsette ved avdelinga gjer ein god jobb, og at det ikkje står på innsatsen eller lojaliteten til den enkelte.

– Hareid kommune har enkelt og greitt ikkje pengar til å gjere noko med dette på kort sikt. Vi har likevel stort fokus på å behandle kvar enkelt bebuar med respekt og verdigheit, og vi gjer det beste vi kan med tanke på ressursane vi har tilgjengelege.

– Mange aktivitetar

Kirkeslett fortel at fleire av dei tilsette har etterutdanning innan miljøterapi, men at mangelen på arbeidskraft minkar moglegheitene for at ein får nytte dette fullt ut.

– Vi har likevel mange aktivitetar, og pårørande og frivillige skal ha mykje honnør for det. Vi får besøk frå kor og musikkskulen, og vi har lesestunder og andakt.

Kommunalsjefen for helse- og omsorg vedgår i ein kommentar at skjerma avdeling ved Hareid sjukeheim har for få tilsette.