Det var samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen som stod for den offisielle avslutninga av bompengeperioden. I seks og eit halvt år har bilstane betalt for å køyre igjennom sambandet.

- Som Frp-statsråd er det ei heilt særeiga glede å avslutte bompengesamband. Men her vert ikkje bompengeperioden avslutta fordi regjeringa har vedteke det, her vert bompengeinnkrevjinga avslutta fordi de bilistar har betalt ned gjelda. Og det på halvparten av tida det var planlagt å vere betalingsperiode, nemleg femten år, sa Solvik-Olsen.

- Eiksundsambandet ein inspirasjon

Han ser på Eiksundsambandet som det beste dømet på nytteverdien av eit samband som erstattar ferje.

- Eiksundsambandet er ein inspirasjon. Det har vist at det å erstatte eit ferjesamband med bru eller tunnel, fører til noko meir enn berre å ha eit fastlandssamband. Det skaper vekst, og knyter regionar saman, sa samferdselsministeren.

Det var mykje folk som møtte til markeringa på Sørheim laurdag, og mellom dei var Knut Nærø, som var styreleiar for Eiksundsambandet AS i dei avgjerande åra. Han var ikkje overraska over at nedbetalinga tok seks og eit halvt år, og ikkje femten, slik styresmaktene la til grunn.

- Nei, eg er ikkje overraska i det heile. I toippa det ville ta halvparten av tida, slik det også var med Herøybrua, fortel Nærø til Møre-Nytt.