32 min: 0-1 Lite sjansar før dette men Ole Amund Sveen sender Hødd i leiinga med eit supermål! Får ballen frå Myklebust, dreg seg inn i feltet og bankar ballen i motsett kryss.

34 min: 0-2 Hødd doblar to minutt etter den første scoringa. Ulland Andersen jagar lang ball, keeper klarerer, men berre til Myklebust, som løftar ballen i mål frå godt over 40 meter.

Inn mot pause pressa heimelaget meir på, og skapte sine største sjansar etter Hødd sine to mål. Ingen av mogelegheitene førte fram og Hødd kunne gå til pause med tomålsleiing.

Etter kvilen var det ingen av laga som klarte å skaffe seg tellande mål. Hødd hadde ein ball i nettet ved Joakim Wrele, men dommaren bles av for angrep på keeper. Hødd hadde også fleire gode mogelegheiter på kontringar, og spelte seg meir og meir opp etter pause. Mot slutten pressa heimelaget meir på, men utan tellande resultat og Hødd kan dermed juble for tre svært viktige poeng på Sandnes stadion.

Bytta begge backane

Hødd: Aslak Falch - Ole Amund Sveen, Jesper Törnqvist, Steffen Moltu, Vegard Heltne - Joakim Wrele, Torbjørn Kallevåg, Fredrik Aursnes - Magnus Myklebust, Michael Karlsen, Eirik Ulland Andersen.

Benk: Jan-Lennart Urke, Christoffer Aasbak, Joachim Magnussen, Robin Shroot, Jonas Ingebrigtsen, Sondre Beite.

Sandnes Ulf: Jonsson, Sola, Kryger, Decamps, Bertelsen, Helle, Raskaj, Owello, Skjølsvik, Brochmann, Eriksen

Benk: Selvik, Torres, Langås, Finsen, Skjørestad, Dybevik, Huka.

Sandnes Ulf tapte 3-1 mot Kristiansund sist serierunde og ligg fire poeng framom Hødd på tabellen.