Ved inngangen til 2014 var 30 prosent av skipsordrane som låg inne frå den norske utanriksflåten, plassert hos norske verft. Per 1. april var delen nede i 9 prosent, skriv Klassekampen. Sør-Korea og Kina har marknadsdelar på 35 prosent kvar, opp frå høvesvis 20 og 25 prosent sidan januar 2014.

Norske verft har spesialisert seg på å levere skip til oljenæringa og får merke nedgangen i denne bransjen. I første kvartal låg produksjonen i verfts- og transportmiddelindustrien 17 prosent lågare enn året før, ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå. Samtidig var det ein auke frå første til andre kvartal, i tillegg til ei vriding over til andre marknadssegment, noko som kan vere eit teikn til betring. Blant anna fekk Kleven ein kontrakt verdt fleire milliardar for bygging av to skip for Hurtigruten.

Teikn til betring: Kleven verft skal bygge to skip for Hurtigruten, og har opsjon på to skip til.