Sandal fekk sitt tredje gule kort for året grunna ein hands, medan målscorar Aursnes fekk sitt femte for ei takling.

- Dette er veldig kjedeleg og veldig teit. Eg var akkurat for sein i duellen. Men vi skal klare oss bra sjølv om eg og Erik må stå over. Andreas (Rekdal) og Bendik (Torset) kan kome inn og gjere ein god jobb, meiner Fredrik Aursnes.

- Dette er berre andre gongen eg står over ein seriekamp grunna gule kort. Det gule kortet eg fekk i dag kan både forsvarast og ikkje forsvarast. Det var rett og slett rein refleks frå mi side, forklarer Erik Sandal.

- Kva gjer du når Hødd spelar borte mot Mjøndalen?

- Eg veit heilt ærleg ikkje. Det er svært lite hyggjeleg å ikkje kunne spele sjølv og måtte sitje og sjå på. Kanskje går eg meg ein fjelltur, seier Sandal.

Trenar Lars Arne Nilsen trur Hødd skal klare seg greitt utan Aursnes og Sandal på bana mot Mjøndalen.

- Det blir kjekt for dei som kjem inn og får sjansen. Vi har gode spelarar som kan kome inn og gjere ein god jobb. Eg skulle gjerne hatt alle tilgjengelege, men slik er fotballen, seier Nilsen.