– Det er litt trasig, sidan reparasjonen av ferja dermed vert endå meir forseinka, seier Inge André Utåker, regionsjef i Norled.

Bilferja Ullensvang vart skadd då den køyrde inn i moloen på Hareid om morgonen fredag 1. september. Den skadde rorstammen vart send til reparasjon i Danmark. Tysdag denne veka fekk reiarlaget beskjed om at det ikkje let seg gjere å fikse den bøygde rorstammen på ferja.

Ferja ligg no i dokka på Myklebust Verft i Gursken.

To mindre ferjer

Dei første dagane etter at Ullensvang hadde det uheldige møtet med moloen, gjekk det berre to ferjer i sambandet Hareid-Sulesund: Tidefjord og Høgsfjord.

Tysdag 5. september vart også bilferja Ølen sett inn i ruta. Sjølv om både Ølen og Høgsfjord har mindre kapasitet enn Ullensvang, meiner Inge André Utåker at denne løysinga fungerer godt.

– Vi gjer det slik at Ølen går cirka femten minutt før Høgsfjord, for å ta unna ein del bilar. Vi har hatt få attståande bilar, så vi er fornøgde med løysinga. I praksis er det slik at dei tre ferjene som går no, har same kapasitet som Tidefjord og Ullensvang til saman, seier han.

Kva kjem det til å koste for Norled å få reparert Ullensvang?

– Det er klart at dette vert dyrt, og sjølv om vi er forsikra mot slikt, må vi betale ein eigendel. Kor mykje det blir, har eg ikkje lyst til å fortelje, seier Utåkar.

Takkar for tolmodet

Norled håper at Ullensvang er tilbake i trafikk torsdag eller fredag i neste veke. Inge André Utåker vil gjerne rose dei som reiser på strekninga:

– Ja, eg vil gjerne takke dei så mykje for tolmodet. Tidlegare har det vore sterke reaksjonar når det har vore redusert kapasitet, no synest eg vi har møtt veldig god forståing frå publikum. Det er veldig bra at dei reisande ikkje legg ekstra stein i sekken til dei som jobbar på Hareid-Sulesund, seier Utåker.