Høgdepunkta:

* 8 minutt: Jonas Ingebrigtsen legg inn til Espen Standal, som headar ballen forbi Mjøndalen-keeperen og ned i venstre hjørne.

* 61 minutt: Pål Kirkevold tråklar seg gjennom Hødd-forsvaret og avsluttar i nettaket for Mjøndalen.

* 74 minutt: Stian S. Aasmundsen fyrer av frå 20 meter, til side for Urke og i mål.

* 87 minutt: Pål Kirkevold startar på midtbanna, driblar to-tre mann, kombinerer med Diomande og Aasmundsen før han bankar ballen i nettaket.

* 90 minutt +1: Eirik Ulland Andersen vert utvist

Referat:

Mjøndalen hadde kampens første sjanse då eit hardt skot duppa rett over tverrliggaren til Jan Lennart Urke i Hødd-målet.

Kort tid etter skaffa Espen Standal corner til Hødd. Corneren vart klarert ut i returrommet der Jonas Ingebrigtsen fyrte av. Skotet vart blokkert.

Etter 8 minutt kom høgreback opp langs sida si og la inn til Espen Standal, som gav Hødd leiinga med ei perfekt avslutning på hovudet.

Etter scoringa tok Mjøndalen meir over, utan at dei skapte store sjansar. Mjøndalen-spiss Pål Kirkevold ville ha straffe, då han gjekk over ende inne i16-meteren til Hødd, men dommaren vinka spelet vidare.

Etter 36 minutt heada Bjarne K. Ingebretsen berre nokre centimeter utanfor Hødd-målet etter corner. Dette var det næraste heimelaget kom i 1. omgang.

Det påfølgjande utspelet frå Jan Lennart Urke gjekk rett i bakrommet til Espen Standal, som prøvde å få ballen over Mjøndalen-keeper Ivar Forn med låret, utan hell.

Hødd gjekk til pause med 1-0-leiing.

Høgdramatisk 2. omgang

Andre omgangen vart ei høgdramatisk affære og ein skuffelse for Hødd-supportarar.

Hødd opna svært godt og 7 minutt ut i omgangen hadde Hødd allereie scora to gongar, men offside og frispark i forkant førte til at begge måla vart annulerte. Det siste målet, der dommaren dømte frispark mot Joachim Magnussen, skapte misnøye i Hødd-leiren. Hødd-trenar Lars Arne Nilsen vart sendt på tribuna som følgje av protestane på situasjonen.

I det 55 minutt spelte Andreas Rekdal fri Eirik Ulland Andersen som skaut rett på keeper frå skrått hald.

Dei neste minutta snudde situasjonen for Hødd. Først tok Stabæk leiinga mot Bodø/Glimt og tre minutt seinare utlikna Mjøndalen ved Påk Kirkevold.

Men etter 68 minutt utlikna Bodø/Glimt i Bærum og Hødd trengde berre eitt mål for å sikre Tippeliga-kontrakt.

Istaden var det Mjøndalen som gjekk opp i leiinga då Stian S. Aasmundsen skaut ballen i mål frå omlag 20 meter.

I det 78. minutt prøvde Espen Standal å nå eit innlegg, men gjekk over ende. Han ville sjølv ha straffe.

3 minutt før full tid avgjorde Pål Kirkevold kampen i Mjøndalens favør då han banka ballen i nettaket. Dette sikra Mjøndalen kvalifiseringsplass, til heimefansen si store begeistring.

Hødd makta aldri å slå tilbake og fekk til og med Ulland Andersen utvist på overtid. Men 3. plass betyr kvalifisering og håpet om eliteseriespel lever forsatt for Hødd.

Kampfakta:

1. divisjon 30. runde, 03.11.13

Mjøndalen - Hødd 3-1 (0-1)

Mål: Espen Standal (8.), Pål Kirkevold (61. og 87.), Stian S. Aasmundsen (74.)

Mjøndalen Arena

Dommar: Ole Gya, Helleland IL

Gule kort: Sivert Heltne Nilsen, Jonas Ingebrigtsen, Stian S. Aasmundsen, Morten Sundli, Christian Gauseth.

Rødt kort: Eirik Ulland Andersen

Hødd (4-3-3): Jan-Lennart Urke - Jonas Ingebrigtsen, Jesper Tørnquist, Steffen Moltu, Ruben-Kenneth Brandal (Victor Grodås 78.) - Bendik Torset, Sivert Nilsen, Andreas Rekdal (Franjo Tepuric 78.) - Joachim Magnussen (Rune Ertsås 70.) , Espen Standal, Eirik Ulland Andersen.

Unytta reservar: Ole Monrad Alme, Pål Hofseth Skeide, Vegard Heltne, Tobias Nygård Vibe.