I kommunestyresalen sat sokneprest Margit Lovise Holte, leiar i soknerådet, Norunn Kirkebø Elde, og kyrkjeverje Anders Myrene for å følgje diskusjonen om lokaliseringa av ei ny kyrkje.

Tidlegare har Ulstein kyrkjelege fellesråd tilrådd at den nye kyrkja skulle leggjast til Store Vikholmen, men administrasjonen og politikarane i Ulstein kommune kom fram til at det ikkje var ønskjeleg. Difor var tilrådinga frå formannskapet til kommunestyret at ei ny kyrkja skulle lokaliserast til området ved den noverande kyrkja i Ulsteinvik.

Fjerna presisering

Etter ein lengre diskusjon i kommunestyret og stemming over fire framlegg i tillegg til tilrådinga frå formannskapet, vart eit framlegg frå Kristeleg Folkeparti samrøystes vedteke. Der tok ein vekk ei presisering om at Ulstein kommune ikkje no eller i nær framtid har midlar til ei ny kyrkje. I staden kom det inn eit punkt om at plan for finansiering og eventuell oppstart med bygging av ny kyrkje skal kome opp som eiga sak når det ligg føre konkrete prosjekt og finansieringsmodellar.

Den samrøystes avgjersla gledde dei frammøtte frå soknet.

– Vi er veldig glade for at det har blitt gjort eit vedtak i tomtesaka, slik at vi kan halde fram med prosessen, fortel Norunn Kirkebø Elde.

Sokneprest Margit Lovise Holte seier at det var det viktigaste med vedtaket i kommunestyret.

– No har vi eit prosjekt som vi kan arbeide vidare med, som vi kan samle inn pengar til. Det er ein kjempestor jobb som ligg framom oss, men vi må kunne seie at dette er veldig viktig milepåle.

Meir enn gudstenester

Holte fortel også at ho var glad for å høyre diskusjonen mellom politikarane i kommunestyret.

– Eg synest den ber preg om at kyrkja betyr mykje for folk og kor viktig det er at vi byggjer kyrkje på mange måtar framover. Både gjennom fysiske bygg, men også gjennom fellesskapet og tenester.

Dei frammøtte frå soknet slår fast at kyrkja har mange lovpålagde oppgåver som må løysast.

– Og det verkar som at mange har skjøna at kyrkja gjer meir enn å ha gudstenester. Det er vi også glade for, fortel Kirkebø Elde.

– Soknet gjekk jo opphavleg inn for Store Vikholmen, men som rapporten frå Lund og Slaatto og debatten i dag bar preg av, så er det to gode alternativ, som vil vere tenlege for soknet sitt arbeid. Eg tru vi lever godt med denne avgjersla, meiner soknepresten og får støtte frå Myrene og Kirkebø Elde.

Elde meiner det viktigaste var at ein no får ei sentrumstomt, og at ein også får ei plassering som ikkje kjem for langt vekk frå den gamle kyrkja, samstundes som at ein bevarer det eksisterande bygget.

Avhengige av vedtaket

Men sjølv om soknet har kome eit stykke vidare på vegen er det framleis ein lang veg å gå før ei ny kyrkje kan vere på plass i Ulsteinvik.

– No byrjar jobben, slår Elde, Holte og Myrene fast.

– For å kunne fortsette med den jobben, både med å få teikningar på korleis det skal sjå ut, korleis det skal plasserast og ikkje minst med å få støtte økonomisk, som vi er avhengige av, så måtte dette vedtaket vere på plass, fortel Margit Lovise Holte.

– Det er veldig vanskeleg å mobilisere til eit prosjekt der det er uklart både kva og kvar ein skal bygge, legg Anders Myrene til.

Finansieringa kan verte utfordrande

Steinar Torvik (KrF) la fram forslaget kommunestyret vedtok om ny kyrkje. Frå talarstolen i kommunestyresalen sa Torvik at den nye kyrkja er ei viktig sak for Ulsteinsamfunnet.

– Eg er glad for at prosessen no er komen til ei avklaring. Kyrkja har fått utvida samfunnsoppgåver og treng fornying.

Torvik meinte samstundes at ein må kome tilbake til finansiering og eventuell oppstart av byggjeprosessen, og at ein må vere klare over at finansiering kan verte ei utfordring.

Oddvar Gjerde (Sp) meinte kommunestyret burde legge vekk begge alternativa som har vore greia ut, og at ein burde ha teke seg betre tid. I staden meinte han at ein burde kunne leige eller kjøpe lokale i sentrum som skulle kunne nyttast til undervisning og kontor for kyrkja.

Knut Erik Engh sa Ulstein kommune må gje kyrkja mogelegheitene til å gjere jobben sin på ein skikkeleg måte, og at kyrkja er ein av dei viktigaste grunnsteinane i lokalsamfunnet. Engh siterte også soknepresten på at det ikkje er kvar generasjon som får byggje ei kyrkje, men også Engh stilte spørsmål ved korleis Ulstein kommune skal finansiere bygginga.

Knut Erik Engh (FrP) var svært positiv til planane om bygging av ny arbeidskyrkje i Ulsteinvik, men både FrP og dei andre partia i kommunestyret var inne på utfordringar knytt til kommunal finansiering.