Søndag kveld vart det klart at det ikkje er mogeleg å få til ei semje for samarbeid mellom Folkelista i Hareid og koalisjonen Hareid Arbeidarparti, Hareid Venstre og Hareid Kristeleg Folkeparti.

Det har vore mange og omfattande forhandlingar heilt sidan valet, med sikte på å få til eit samarbeid mellom partane.

- Venstre, Kristeleg Folkeparti og Arbeidarpartiet meiner vi har strekt oss langt for å kome til semje, men vi lukkast dessverre ikkje. Difor vert det no brot i forhandlingane på Hareid, og det underskrivne arbeidsutkastet til avtale vert å rekne som ikkje gjeldande frå i dag, står det i ei pressemelding som er underteikna av Annika Brandal, Venstre, Stian Runne Brandal, Hareid Arbeidarparti og Marit Øien Sæverud, Kristeleg Folkeparti.

Usemje om forståing av avtalar

- Grunnlaget er usemje kring forståing av avtalar og liten vilje frå Folkelista til å kome oss i møte på halvvegen der vi er usamde, heiter det i meldinga frå Venstre, Arbeidarpartiet og KRF.

Torsdag 15. oktober skal det vere konstituerande kommunestyremøte på Hareid rådhus.