Frontfiguren Tor Heine Rosdal i Merkesteinane flørta uhemma med publikum på Alvehaugen under Kulturveke-innslaget der tysdag.

Under den timeslange konserten fekk han sterk applaus då han forkynte for den fullsette salen at “Ulsteinvik var den finaste plassen han hadde vore på”.

Etter konserten gjekk han endå lenger og sa til lokalavisa at han hadde eit brennande ønske om å vere tamburmajor framfor Ulsteinvik skulekorps. - Ikkje på 17.-mai, men kanskje neste  gong vi kjem hit, sa stryningen.

Merkesteinane har vore i Ulsteinvik to-tre gonger før. Kjendis-status fekk dei etter å ha spelt inn filmen “It’s hard to be a rock and roller” og etter å ha vore heilt oppe på 4.-plass på Norsktoppen  med storhiten “Finaste jenta mellom Dalsfjorden og Stryn”. Med tanke på Alvehaug-publikum vart forresten denne hiten omdøypt til “Finaste jenta mellom Ulsteinvik og Stryn”.

Jau, flørte med publikum kunne dei - og bandleiar Øyvind Lied forsikra etterpå at alle dei artige replikkane på scenen var improvisasjonar, der og då. - Ingenting er planlagt, fortalde han. - Vi tek det som det kjem.

18-årsgrense og lyriske salmar

Merkesteinane har eit vidt repertoar - frå dansegallamusikk og jamvel vågale pub-tekstar med 18-årsgrense til fine lyriske salmar. På Alvehaugen fekk publikum blant anna  lytte til eit Ivar Aasen-potpourri med “Mellom bakkar og berg”, “Dei gamle fjell i syningom” og “Dei vil alltid klaga og kyta” - marknadsført under vignetten “Frå Ivar Aasen til Creedence”. Ein herleg gitarsolo av Tor Heine løfta opplevinga.

Ein annan sekvens hadde fått namnet “Frå pub til katedral”. Eller var rekkefølgja kanskje “Frå katedral til pub” denne dagen?

Merkesteinane har eksistert sidan 1993. - Kvar dag er ei lita feiring, fortalde Øyvind Lied.

Bandet øver ein gong i veka.

- Dokke må synge meir ut, karar! ropte Lied då opningsnummeret vart litt taslete. Og så kom dei med full kraft. Arild Halse var solist i Beatles-låten “Fool on the hill” (Raringen på haugen). Her ana vi sjølverkjennande trådar til eigen liv. Arild fortalde at songen handla om ein som sit på ein haug og “ser på dei hine” (og derfor blir rekna som ein raring ...).

- Men vi he’ berre våre sterke og svake sider, sa Arild om det.

Merkesteinane fekk det kanskje til å piple fram ein drope eller to i augene då dei i djupt alvor sette i gang med salmen “Du er alltid nær”.

- Ein rasande fin salme, slo dei fast - og publikum klappa.

Men etter salmen vart stryningen Tor Heine rastlaus ...

- No må Tor Heine få synge, han e’ so rastlause, ropte det.

“Tor med Hammaren i eigen person”, vart det lagt til - og så kom songen “Rastlaus” med flott groov og imponerande stemmeføring - av Tor Heine.

Ole Ivar-hiten “Jag trodde at änglarna bara fanst i himmelen” vart kommentert med ein diskusjon om kor vidt englar fanst - og brått var vi i Afrika der Merkesteinane også har vore. Ja, om ikkje publikum visste det, så hadde Arild Halse sunge frå The Leopard Cliff i Kenya.

Naturlyrikk og rein glede-lyrikk hadde ein sikker plass i konserten - bl. a. i form av songane “Takk for di sol” og “For ei strålande dag” .

Og publikum klappa sterkt då Merkesteinane forkynte at den største glede eit menneske kunne ha var å gjere andre glad.

Og så var det slutt. Ole Jørgen Humberset var solist på den aller siste songen “Gje meg handa di ven”.

Eit konsentrat av glede!

KNUT SIGVE - DEN SINDIGE

Merkestein-trommisen Knut Sigve Sollid (58) er ein sindig kar som gjerne legg inn ein modererande “dempar” når stemninga i bandet er i ferd med å gå til himmels.

Som då solisten Arild Halse under konserten på Alvehaugen tysdag kommenterte at “det er godt å le seg ihel”.

Bandleiar Øyvind Lied vart då tydeleg nervøs  på Knut Sigve sine vegner og ville vite om det gjekk bra med han;

- Å, det verte litt travelt, svara  Knut Sigve.

Noko som fekk Arild til å replisere: “Å spele i band e’kje noken dans på roser”.

- No må du vere snilde, gut, svara Knut Sigve dempande.

- Vi skal rigge ned også, minte Arild om før neste låt.

*

Knut Sigve voks opp på Folkestad - og fekk etter kvart plass på Hovden skule og dagheim i Hovdebygda. Som vaksen var han lenge lempis på ei varerute. Men med tida måtte han slutte - “fordi bilane vart større”, fortel han.

TV-dokumentarfilmen “Knut Sigve frå Folkestad” om då Knut Sigve fekk seg husvære og skulle bu heilt for seg sjølv i Volda, gjorde inntrykk.

Og no har åra gått. Sjølv om trommestikkene går jamnt, er han ikkje like flakkfør som den gong. Han må stort sett ha hjelp når han skal gå. Den viktigaste hjelparen er gåstolen. - Men eg kjem meg frå stol til stol med eiga hjelp, understrekar han.

- Det skjedde noko oppi her, seier han og peiker på panna si.

I dag har han eige husvære i Severinhaugen 3 i Volda. - Eg har eige kjøleskap og eigen frysar, men får servert maten av andre, fortel han.

- Eg står opp klokka 9 kvar dag. Så kviler eg middag og tek meg ein tur ut på verandaen og te’ mej enj blås! legg han til.

I tillegg til småturar utandørs ser han mykje på TV. Dagsrevyen og Hotell Cæsar er favorittane.

Fotball er han sånn passeleg interessert i - ettersom heimbygda Folkestad ikkje lenger har lag - og heller ikkje Mork der han har nær slekt.

- Ej verte gamale, seier han, - og kan ikkje drive på så hardt.

Knut Sigve forklarer også eit litt aukande magemål med alderen. - Det er slikt som kjem med åra, meiner han.

Etter konserten på Ulshaug var Merkestein-karane spente på kva dei fekk til mat.

- Det kan godt vere skive! sa den sindige  58-åringen - og let det skine tydeleg gjennom at han var oppvaksen på ein gard.

Deltakarar i Merkesteinane:

Øyvind Lied, leiar.

Ole J. Humberset

Kjetil Flåskjer

Arild Berg

Knut Sigve Sollid

Arild Halse

Tor Heine Rosdal

Simen Bjørdal (var ikkje tilstades denne gongen).

58-åringen Knut Sigve Sollid er ei sindig kraft i Merkesteinane.