- Det ligg vel i korta at det blir eit 2. eller 3.-divisjonslag i neste runde, og så kanskje eit Tippeliga-lag i tredje, trur Pål André Helland.

- Det er same for meg kven vi møter. Det viktigaste er å spele ein god og skikkeleg gjennomført kamp, meiner Ruben-Kenneth Brandal.

- Eg tek gjerne AaFK. Dei skal vi slå, smiler Vegard Heltne.

- Eg vil helst møte eit lag vi kan slå ut, humrar Lars Arne Nilsen

- Men det er vel alle, det?

- Ja, det er vel det, smiler Hødd-treneren.

Før Hødd kunne snakke om 2. NM-runde måtte dei slå ut 3.-divisjonslaget Brattvåg onsdag kveld. Og det gjekk til slutt greitt. Sjølv om det vart litt vel mykje spenning for Hødd-fansen på stillinga 1-2.

Heltne med høgra

Vegard Heltne sette inn 0-1 midtvegs i 1. omgang. Helland flikka ballen bak til Akeem Latifu, som la inn frå høgre. Ballen gjekk over både Brattvåg-stopparane og Joachim Magnussen. Heltne stod bakarst i feltet og testa høgrefoten sin. Ballen gjekk i lengste kryss via den gode Brattvåg-keeperen Yerzhan Sergazin.

- Han gjekk vel ikkje heilt opp i krysset, men det var godt gjort av keeper å vere borti. Siste trening før kampen trena eg ein del på å avslutte med høgrefoten, og eg bomma på absolutt alt. Derfor var det godt å få klaff i kamp, sa Heltne etter kampslutt.

Redusering og utvising

0-1 stod seg til pause. Fem minutt etter kvilen kom Joachim Magnussen åleine mot Sergazin. Han la uegoistisk til Helland, som breisida inn 0-2. Det kunne verke som Hødd hadde avansementet langt inn i innerlomma, men tolv minutt seinare reduserte heimelaget. Andreas Lie klarte ikkje å halde eit frispark frå venstre. Calle Björk dukka opp på bakarste stong og scora enkelt.

Brattvåg hadde også ein OK sjanse som gjekk i nettveggen etter reduseringa. Men då Eder Dodaj fekk direkte raudt kort kvarteret før slutt var det game over for heimelaget. Utvisinga kom etter ein duell med Andreas Lie. På veg mot garderoben sa Dodaj til Vikebladet Vestposten at utvisinga må ha kome grunna angrep på keeper.

- Brattvåg var gode

Inn mot full tid handla det berre om kor mykje Hødd skulle vinne. Ruben-Kenneth Brandal scora Hødds tredje då han forserte seg inn i feltet og plasserte ballen i næraste hjørne. Helland stod for den målgjevande pasninga. Det gjorde same mann også då Erik Sandal breisida inn kampens siste mål like etter.

- Eigentleg ein typisk 1. runde-kamp. At det tok si tid før kampen var punktert var sikkert artig for publikum, men ikkje så artig for oss. All ære til Brattvåg. Lars Arne (Nilsen) hadde jo åtvara mot eit par spelarar, men dei var betre enn eg trudde. Det var eit lag som heldt jamt høgt 3.-divisjonsnivå, oppsummerte Vegard Heltne.

Skrytte av Segazin

Pål André Helland var involvert i alle fire Hødd-måla og var nok blåtrøyene sin beste spelar i dag.

- Det er i slike kampar vi må vere profesjonelle og tolmodige. Brattvåg kunne score på dødballar. Derfor var det viktig å ikkje gi dei det. Dei klarte jo ikkje å lage spelemål. Utover i kampen vart det store rom, og siffera hadde sikkert blitt endå større om Brattvåg-keeperen ikkje hadde hatt sin livs dag på jobben, seier Helland.

- Bra kontroll

Hødd-trenar Lars Arne Nilsen meinte dette var ein typisk 1. runde-kamp.

- Vi gjorde jo ikkje meir enn vi måtte. Brattvåg skapte vel ikkje meir enn eit par sjansar. Dei var slik sett effektive. Det var ein grei kamp av oss. Eg synest vi hadde bra kontroll, sjølv om Brattvåg kunne ha vore heldige og fått 2-2. Det kunne jo ha skjedd, men eg synest vi hadde bra kontroll trass i at vi ikkje spelte opp mot vårt beste. Vi gjekk fortent vidare utan å overbevise, sa Nilsen etter kampslutt.

Kampfakta1. runde NM 2013Brattvåg - Hødd 1-4 (0-1)Brattvåg kunstgrasTilskodarar: Ca. 350Mål: 0-1 Vegard Heltne (22), 0-2 Pål André Helland (50), 1-2 Calle Björk (60), 1-3 Ruben-Kenneth Brandal (83), 1-4 Erik Sandal (86)Dommar: Christina Pedersen, ÅndalsnesRaudt kort: Eder Dodaj, Brattvåg (75)Hødd: Andreas Lie - Akeem Latifu, Jesper Törnqvist (K), Steffen Moltu, Victor Grodås (Ruben-Kenneth Brandal 30) - Sivert Heltne Nilsen, Andreas Rekdal, Erik Sandal - Pål André Helland, Joachim Magnussen (Espen Standal 54), Vegard Heltne (Robin Hjelmeseth 84).

Banens beste: Yerzhan Sergazin, Brattvåg

Hødds beste: Pål André Helland

Les også:* Komfortabel siger

Jubel for Vegard Heltne sitt mål, Hødds første for kvelden.