Fjord1 er tildelt kontrakt på å drifte ferjesambandet mellom Hareid og Sulesund. Kontraktsperioden er på 11 år. I sambandet skal det gå el-ferjer, så ferjekaiene må tilretteleggast for dei nye ferjene.

I samband med det har Norconsult, på vegner av Fjord 1, søkt om å få føre opp to lange batteribygg i betong langs sjøsida og eit høgt batteritårn.

Dette har fått fleire til å reagere. Dei meiner det vil øydeleggje området nede ved sjøen.

På møtet oppmoda Hareid kommune søkjar om å finne/greie ut andre løysingar for batteribankane. Det er truleg lite politisk vilje til å gje dispensasjon som det er søkt om.

Dersom andre løysingar har vore vurderte og forkasta, bør det liggje med notatet/utgreiingar som syner kva grunngjevingar som har vore gjevne for at ein ikkje har vald slike løysingar, heiter det i referatet frå møtet mellom partane. Møtet fann stad 13. mars i år. Hareid kommune utfordrar Fjord 1 med lokal leverandør som kan løyse utfordringane.

Feil i søknaden

Norconsult har søkt på feil punkt i reguleringsføresegnene. Dei skal søkje etter 4,1, ikkje 4.2. Det må også søkjast på rett føremål til ladetårnet.

Vil gjere nye vurderingar

Fjord1 skal på møtet ha sagt at dei vil gjere nye vurderingar og grunngje desse. Det er store tekniske og økonomiske utfordringar til løysingar i sjø.

Fylkeskommunen, som er oppdragsgjevar, meinte at det er viktig at alle formalitetar er på plass, då det kan påreknast klage uansett vedtak. Mindre reguleringsendringar kan vere løysinga dersom ein ikkje lukkast med dispensasjon.

Møtet vart avslutta med at Fjord1 ville endre søknad i tråd med rettleiing og innspela i møtet vil bli vurderte.

Ferjene er i rute

I referatet står det vidare at ein er à jour med bygginga av to ferjer som skal starte i gå mellom Hareid og Sulesund 1. januar 2019.

Ferje nummer tre kjem i månadsskiftet februar/mars 2019.

Hareid kommune stilte med fem representantar på møtet: ordførar Anders Riise, rådmann Ragnhild Velsvik Berge, einingsleiar Silja Øvrelid, kommunalsjef Kai-Rune Bjørke og Bernt Brandal frå Folkelista.

Les også: