Norconsult har på oppdrag frå Ulstein kommune laga ein Skulebehovsplan for tidsrommet2016–2030.

Dei har sett på kor mange elevar kvar skule truleg vil ha framover, vurdert kapasiteten til skulane og framlegg til arealnorm.

Når folketalet aukar, aukar gjerne kulla ved skulane også.

Uheldig med brakker

Ulsteinvik barneskule er for liten for dagens elevtal, og elevtalet vil truleg stige dei komande åre. Fleire har i dag klasserom i brakker. Brakkene verkar å ha dårleg teknisk tilstand og lite tilpassa pedagogisk verksemd. Avstanden mellom brakkene og hovudbygget gjer at elev- og fagmiljøa blir delte. Brakkene ved Hasund skule blir vurdert til å vere meir tilpassa skuledrifta, men alle brakkene blir tilrådd fasa ut som skulebygg.