– Det har temmeleg kaotisk den siste timen. Eg forsto ingenting då eg kom ut av flyet og vart møtt av flyplassmyndigheitene med bil og blomar.

Det seier Edvard Moser som var på ved til München då det vart kunngjort at han og kona May-Britt deler årets Nobelpris i medisin og fysiologi med John O´Keefe for sitt arbeid med hjerneforsking.

Fantastisk

– Det tok ei stund før eg klarte å forstå kva det var som hadde skjedd, seier Moser.

Det var først då han fann eit ubesvart anrop frå Nobelkomiteen at prisvinnaren la saman to og to.

– Heilt fantastisk. Eg har fått 200 e-postar den siste timen, så eg rekk ikkje å lese noko som helst.

Ei stund var det også vanskeleg å få tak i May-Britt Moser.

– Til slutt fekk vi kontakt, men det har gått litt i eitt. Vi har blitt oppringt av NRK, skal på Dagsrevyen og TV2 har ringt. Det er mykje som må koordinerast og mange som vil møte oss, fortel den glade prisvinnaren.

Bra for hjerneforsking

Moser håpar at merksemda frå denne tildelinga kan føre til endå meir interesse rundt forskinga.

– Det er klart at dette er kjempebra for oss, for hjerneforsking og for NTNU. Det viser at vi driv forsking heilt i fronten, og eg håpar det kan skape litt ekstra interesse også blant unge.

Edvard Moser fortel at han er enormt takksam til alle som har vore med på å støtte forskinga som ekteparet har heldt på med dei siste 20 åra.

– Eg gler meg for alle som har vore med på å få til dette, slik som NTNU og forskingsrådet, men det inkluderer også støtta tilbake i tid, også i dei åra då eg budde på Hareid, og den støtta vi har fått frå Sunnmøre dei seinaste åra. Det er mange som har hatt eit deleigarskap i det vi har fått til, seier Moser.

Heiste flagget

På Hareid vart flagget på rådhuset heist til topps då det var klart at Moser-paret fekk Nobelprisen.

– Det er fantastisk kjekt for oss som bur i Hareid at det er Edvard og May-Britt Moser som får denne prisen. Den heng veldig høgt i internasjonal målestokk og ekteparet har gjennom sitt mangeårige arbeid innan hjerneforsking vist at dei fortener denne merksemda, seier ordførar Anders Riise til Vikebladet Vestposten.

Riise legg til at han håpar prisen kan vere med på å inspirere komande generasjonar og ikkje minst næringslivet til å satse på forsking og utvikling.

– Vi ønskjer også prisvinnarane lukke til vidare med arbeidet sitt og håpar på nye suksessar og nyvinningar som kjem nye generasjonar til gode. I dag heiser vi flagget på rådhuset til heimkommunen til Edvard og vil sende ei helsing direkte til ekteparet Moser innan kort tid, seier Riise.

Første norske i medisin

Moser-paret og John O´Keefe får Nobelprisen i medisin og fysiologi for sine oppdagingar av eit posisjoneringssystem, ein slags «indre GPS» i hjernen.

– Deira arbeid viser korleis ein avansert intellektuell prosess blir utført av hjernen sine nerveceller, seier Nobelforsamlinga i si grunngjeving.

Det er Nobelforsamlinga ved Karolinska Institutet i Stockholm som vel ut vinnarane av Nobelprisen i medisin og fysiologi. Moser-paret er dei første nordmennene som får denne prisen.

Pristildeling har skapt stor merksemd både nasjonalt og internasjonalt, og ei av dei som heiv seg på gratulasjonane til Moser-paret var statsminister Erna Solberg, som meiner paret er ein inspirasjon.