Teknisk utval i Ulstein har gjort vedtak om at dei ikkje lenger kan akseptere den utrygge trafikksituasjonen i Hasundkryssset. Dei krev no at fartsgrensa forbi krysset blir sett ned til 60 km/t.

Dette er ordførar Jan Berset og Tor Meinseth (H) heilt samde i.

- Både frå Kleven Verft og byggefelta i Sundgot og på Dimna er det svært mange bilar som skal gjennom Hasundkrysset. Kleven har til og med tatt krysset med i HMS-arbeidet sitt. Vi er heilt nøydde til å få eit system som minimerer farane i Hasundkrysset, kommenterer Berset. Statens vegvesen har tidlegare svara Ulstein kommune at dei ikkje har midlar til trafikktryggingstiltak i Hasundkrysset.

- Vi kan ikkje finne oss i det. Å setje ned fartsgrensa kostar ikkje pengar. Vi skal heller flytte 60-soneskiltet sjølve, seier Meinseth og Berset. Ulstein kommune kjem no til å sende eit nytt brev til Statens vegvesen, med krav om nedsett fartsgrense i området. I tillegg ber dei om at andre avbøtande trafikktiltak, til dømes rundkøyring, kjem på dagsorden.

Les også:

- Unaturleg med lågare fart i Hasundkrysset

Har ikkje Hasundkrysset på prioriteringslista