Mange skodelystne tok turen for å få med seg den noko spesielle hendinga i morgontimane søndag. Lasteskipet M/S Kvitbjørn gjekk på grunn, like utanfor Skeide.

- Ansvaret i den neste fasen er det Kystverket og Sjøfartsdirektoratet som har, saman med reiarlaget. Vi håpar at det ikkje skjer skade på skroget, slik at fuelen i fartøyet lek ut. Det hadde vore ei katastrofe for miljøet. Vi håpar og trur at dette går bra, fortel operasjonsleiar i Sunnmøre politidistrikt, Ole Bjørn Harang.

Skipet står framleis, søndag formiddag, bom fast.

- No blir det lågvatn, som sjølvsagt medfører at det blir vanskelegare å få skipet av skjæret. Men, det blir flo igjen, og ein håpar no at det kan hjelpe. Ein fordel og ei ulempe er at båten ligg ganske så nær land, fortel Harang.