Søndag 25. november 2012: etter å ha kome inn som innbytar sette han inn det siste og avgjerande straffesparket i NM-finalen på Ullevaal stadion, og sikrar med det Hødds aller første cuptriumf.

Tysdag 14. juli 2015: ny torv må leggast på taket til mor og fars hus på Larsnes.

Det er store kontrastar mellom då og no. Sjølv om det har gått snart tre år sidan cupeventyret, slit han framleis med å skjøne at dei faktisk vann.

– Eg forstår ikkje korleis i alle dagar vi klarte det. Det var ein stor prestasjon, og det var artig å få vere med på, seier 25-åringen.

Samstundes trur han at det var eit lag med mykje potensial som vart utslagsgjevande.

– Når ein ser på laget som spelte då, så ser ein at det er nokre som har kome langt og spelar på gode lag i dag. Så slik sett er det kanskje ikkje så rart at dei kunne slå Tromsø, meiner Rekdal.

Student

Etter cupfinalen vart midtbanespelaren verande i Hødd i ytterlegare to sesongar, men med litt mindre speletid enn han ønska vart det eit vanskeleg val om han såg føre seg å halde fram i klubben.

– Vi var veldig nære å rykke opp til Tippeligaen året etter, og det hadde vore utruleg artig å få spele på det øvste nivået. Men både eg og klubben vart litt avventande, og då vart det rett å finne på noko nytt. For min del så måtte eg spele i den posisjonen eg var best. Slik det vart så var det fornuftig å gå vidare, utdjupar han.

For no er han både spelar og assistenttrenar i Sportsklubben Herd, der han varierer med å spele defensiv midtbanespelar - og midtstoppar.

– Herd var den beste klubben i området, utanom Hødd og AaFK. Og sidan kjærasten min fekk jobb i Ålesund så passa det greitt å spele der, forklarar Rekdal klubbvalet.

I tillegg er han no godt i veg med ei utdanning ved Høgskulen i Ålesund.

– Der studerer eg no bachelorgrad i produkt- og systemdesign, og var ferdig med det første året no i vår.

Heilt fri

Dei siste åra har fotballsesongen vore hovudfokuset til Rekdal, men i år har det vore ein langt rolegare sommar.

– I fjor deltok eg på eit sommarkurs med matematikk og fysikk. Denne sommaren vart det ingen sommarjobb på meg, så i år har eg hatt heilt fri. Då har eg heller hjelpt til litt heime, fortel han.

Men ferien er snart over, for allereie på måndag startar Herd opp at etter sommarferien for å gjere seg klare til haustsesongen som startar i august. Saman med seg på laget har også Rekdal med seg veslebror Christoffer, i tillegg til sambygdingen Oskar Gunnarstein, gurskingen Preben Sætre og ulsteinvikaren Havtor Skeide.

– Det er berre artig det. Vi går godt i lag og kjenner kvarandre godt, meiner Rekdal.

Felles for alle desse er at dei har ei fortid i Hødds rekruttstall, men det var Andreas som fekk flest sjansar på a-laget. Då blir det eit interessant møte når det er duka for ein sunnmørsduell mot Hødds 2.-lag i den første kampen i haustsesongen.

- Det er jo litt spesielt å spele mot Hødd. Eg har spelt der lenge og har mange gode kompisar der. Sjølv om eg ikkje spelte då så møtte vi jo dei også i cupen tidlegare i år.

- Og så spelte vi jo mot Hødd II i første seriekamp i år også. Då spelte mellom anna Bendik (Torset) og Erik (Sandal). Men når det kjem til andrelagskampen så er det berre tre poeng som gjeld, seier han kort og kontant.