I den siste tida har det vore mykje i media om aukande problem med plast i sjøen og langs strendene. Dette er eit stort problem som den nyetablerte gründeren, Clean Coast AS, ynskjer å bidra med å løyse.

Clean Coast AS har adresse i Vanylven, strategisk plassert som eit knutepunkt langs kysten nord om Stadt. Dei tre gründerane i Clean Coast AS, Roger Haugen, Frode Haugen og Elisabet L. Haugen, har over 30-års erfaring frå havet, innan fiske, fangst og offshore, både innan operasjonell og teknisk drift.

Dei har også mange års erfaring som kaptein og maskinsjef og har erfaring frå heile Norskekysten og Svalbard. I tillegg har dei administrativ kompetanse frå reiarlag og offshorebasert næring. Dei har lenge sett behovet for opprydding langs fjøra og har kome opp med ideen om å nytte større farty til å effektivt samle inn avfall.

– Det er vi som er på sjøen og det er vi som ser problemet, seier Roger Haugen, ein av gründerane.

Innsamling av plastavfall og miljøavfall langs kystenSelskapet sin forretningside er innsamling av plastavfall og anna miljøavfall langs kysten av Noreg og Svalbard ved hjelp av eit større offshorefarty. Clean Coast AS er i gang med eit forprosjekt med støtte frå Vanylven Vekst og samarbeider med Runde Miljøsenter og Havila Shipping ASA for å kartlegge behovet og utvikle eit system for opprydding av miljøavfall langs Norskekysten og Svalbard.

Mykje av avfallet ligg på utilgjengelege stadar. Eit om bygd offshorefarty med tilhøyrande arbeidsbåtar, har motorkraft, kapasitet, dekksareal og manøvreringseigenskapar, noko som vil vere viktig for effektiv innsamling og for å kunne kome til stadar der det manglar med anna bilveg. Innsamling, frakt og levering av fritidsbåtar er også ein av miljøutfordringane som Clean Coast AS vil tilby ei løysing for.

Selskapet har sendt innspel til Miljødirektoratet for å framlegga ideen om ei ordning for gjenvinning av plastbåtar i Noreg. Selskapet vil nytte maritim kompetanse og ressursar som er i nærmiljøet til å bidra til å løyse fylgjande problemstillingar; opprydding av miljøavfall langs kysten, offshorefarty ut av opplag og sysselsetting/arbeidsplassar.

Clean Coast AS og samarbeidspartnarar Runde Miljøsenter og Havila Shipping ASA, arbeidar aktivt med å utvikle ideen sin og har avtalt møte med Innovasjon Noreg for vidare plan og finansiering av prosjektet.