Ein teknisk feil på både hovudanlegget og backup-anlegget for tidtakinga under 400-meteren for menn senior under NM i friidrett på Askøy laurdag, førte til at Karsten Warholm sitt resultat ikkje vart registrert. Warholm vart klokka inn manuelt på 45,79, noko som er ny norsk rekord, men diverre er ikkje denne tida offisiell.

- Kva kan eg seie? Shit happens, uttalar Karsten Warholm til Vikebladet Vestposten.

Han vil på ingen måte klandre arrangørane for det som skjedde. I staden rosar han alle dei frivillige som legg ned tid og innsats i å få gjennomført friidrettsarrangementet.

- Eg reknar med at eg får fleire sjansar, og det er vel litt av grunnen til at eg kan ta nokså lett på det som har skjedd, seier 20-åringen.

LES OGSÅ: Kan bli godkjend meisterskapsrekord

No ventar det nokre veker med trening før Karsten Warholm set seg på flyet til Brasil og til OL i Rio der han skal springe 400 meter hekk. Avreisa vert 8. august, medan sjølve løpet skjer 15. august.

- Forma er god og eg reknar med at den kjem til å stige ytterlegare framover mot OL, seier han optimistisk