Ordtaket om at ein ikkje vert profet i si eiga heimbygd vart gjort grundig til skamme under KORK-konserten med våre lokale talent laurdag kveld. Rett nok vart konserten halden i Hareidhallen, då kulturhusa i Ulstein og Ørsta vart for små for NRK, men publikum frå dei tre talenta sine heimstader hadde møtt talrikt fram for å hylle sine søner. Hallen var fylt opp til siste stol og optimistane som ikkje hadde sikra seg billett på førehand måtte snu i døra.

NRK og programleiar Ingrid Gjessing Linhave har sett Ørsta og Ulstein på hovudet den siste veka i samband med innspelinga av underhaldningsprogrammet «Då KORK kom til bygda». Det heile kuliminerte i ein konsert der Bror Magnus Tødenes frå Eiksund, Erik Stave frå Ørsta og Chris Masters frå Flø fekk høve til å opptre saman med Kringkastingsorkesteret.

Bror Magnus Tødenes har allereie markert seg som ein habil operasongar. Under konserten opptredde han i rolla som den noko sleipe greven av Mantua frå Verdis «Rigoletto» med dei to stykka «Questa o quella» og «Donna è mobile».

Åtte år gamle Erik Stave er ein talentfull pianist. Det var likevel som dirigent han fekk boltre seg saman med Kringkastingsorkesteret. Med konsise taktslag leidde han orkesteret gjennom «Norsk dans nr. 2» av Edvard Grieg, udødeleggjort av så vel Norge Rundt som isbilen.

Rap-artisten Chris Masters gav i følgje Gjessing Linhave opp odelen på heimegarden for å satse på ei karriere innan musikk. Kontrasten mellom gardsbruket på Flø og den forrykande framsyninga han delte med publikumet i Hareidhallen kan vel knappast bli større. Han framførte «Beautiful to me», ein låt han og ein kompis laga for nokre år sidan.

I tillegg til dei tre talentfulle unge mennene, fekk publikum også høyre Kringkastingsorkesteret «naturell». Dei framførte eit variert knippe stykke, frå opningsfanfaren frå Richard Strauss symfoniske dikt «Also sprach Zarathustra» til Fliflet Breins «Ut mot havet» og den meir samtidsprega «Consert Romanesque» av ungararen György Ligeti, for å nemne nokre.

Programleiar Ingrid Gjessing Linhave baud verkeleg på seg sjølv og heldt publikum i ande også i dei mange pausane som naturleg nok oppstod i samband med konsertopptaket. Ho opptredde også med låten «What a difference a day made», gjort kjend av mellom andre Dinah Washington og Nathalie Cole.

I tillegg til å leie konserten, krydra programleiaren det heile med små anekdotar frå opphaldet sitt på Sunnmøre. Vi fekk mellom anna vite at ho hadde lært seg kraftutrykket «årre» og at ho likar ordførarar med kjede. Dessutan har ho fått ein ny ven i Erling Ødegård frå Eiksund som til ei viss grad, skal vi tru Gessing Linhave, har fungert som stylist.

Det ligg ein stor dugnadsinnsats bak arrangementet og Jessen passa på å få takke alle som har stått på for å få det heile i hamn. Dei siste dagane har det vore jobba på spreng for å rigge om Hareidhallen med amfi og scene og elles har lokalbefolkninga trådd til på ulikt vis.

Resultata av opptaka vert synt på NRK etter sommaren ein gong. I tillegg til konsertopptaka har NRK mellom anna hatt tre kamerateam som har følgt dei lokale talenta i løpet av den siste veka og det heile vert ein del av programserien «Då KORK kom til bygda» som skal gå laurdagskveldane. Sjølve konserten vil verte vist i sin heilskap på NRK2.