Sidan slutten på 1950-talet har Samfunnshuset vore eit kjennemerke i Ulsteinvik sentrum, men no er det snart slutt.

- Målet er at heile huset skal vere fjerna innan utgangen av april, opplyser kultursjef Leif Ringstad.

Dei siste dagane har arbeidarar jobba med å fjerne takheller og takkonstruksjonar.

- I løpet av nokre dagar skal den nye transformatorstasjonen vere ferdig, og då kan rivinga av sjølve bygningskroppen starte, legg Ringstad til.

Det gamle Samfunnshuset må vike for Arena Ulstein, som nok vil bli eit nytt kjennemerke i Ulsteinvik sentrum dei neste 50 åra.