21. juni går startskotet for årets sommarseglas med NRK sin sommarbåt.

Turen går frå nord til sør, til 41 hamner langs kysten. "Sommeråpent" og Reiseradioen har sendingar frå alle hamnene, og publikum får følgje seglasen minutt for minutt.

I tillegg skal NRK lage "verdas lengste dramaserie" som blir sendt episode for episode gjennom sjøreisa.

Skuleskipet "MS Sjøkurs" blir arena for Sommeråpent, Reiseradioen og den nye dramaserien som skal lagast under den åtte veker lange reisa. Serien heiter "Mysteriet på Sommerbåten", og er historia om mannskapet på MS Sjøkurs.

Episodane blir spelt og sende same dag.

- Vi tek i bruk nesten heile landet og vi ønskjer å gi folk eit innblikk i korleis ein dramaserie blir til, seier dramasjef Ivar Køhn i NRK.

Han legg til at målet er at stadane dei gjester, folka og historiene deira, skal spele hovudrollene i sendingane.

- Viss nokon har ei god historie dei vil dele i Ulsteinvik, eller tips om folk som bør vere med, er det berre å ta kontakt på www.nrk.no/nrksommer, opplyser prosjektleiar Thomas Hellum.