AaFK – Hødd 4 - 0 (1-0)

Treningskamp, Color Line Stadion

Gule kort: Bendik Rise, Bendik Torset, Gretarson

1-0 Gretarson (7), 2-0 Gretarson (56), 3-0 Thrandarson (65), 4-0 Mäntylä (70)

Hødd: Jan-Lennart Urke, Martin Mork Breivik, Jesper Törnqvist, Steffen Moltu (Daniel Eid 52), Vegard Heltne (Sveinung Tilseth 74) – Torbjørn Kallevåg (Elias Flø 79), Bendik Torset, Bendik Rise – Magnus Myklebust (Isak Haanes 63), Robin Shroot (Peter Hasund 79), Sondre Beite (Håkon Botn Brautaset 63).

Benk: Sivert Pieroth, Daniel Eid, Preben Sætre, Sveinung Tilseth, Elias Flø, Isak Haanes, Håkon Brautaset, Peter Hasund.

Etter å ha slått 3.-divisjonslaget Spjelkavik i årets første treningskamp venta ein tøffare test for Hødd fredag. Då var Eliteserielaget AaFK motstander på Color Line Stadion, og det var også tangotrøyene som fekk den beste starten.

Tidleg scoring

Thrandarson tvinga fram kampens første redning etter seks minutt, då han fekk skyte frå vel 16 meter, men Urke hadde ikkje trøbbel med å slå avslutninga til corner. Også corneren fekk Hødd rydda unna, men AaFK vann at ballen, slo inn att i feltet og der var det ingen som passa på Daniel Gretarson som heada inn 1-0.

Etter scoringa la AaFK seg lavare i bana og Hødd fekk noko meir dreisen på eige spel, men utan at det vart skapt særleg med sjansar. Den første var det Sondre Beite som fekk, etter ein fin stikkar frå Magnus Myklebust, men avslutninga frå Beite vart slått til corner av Heigre i AaFK-målet. Beite fekk sjansen frå start berre timar etter at det var klart at ungguten har forlenga si Hødd-kontrakt til ut 2018.

Mos Abdellaoue fekk ei bra moglegheit på kontring då han nådde ein stikkball før Steffen Moltu. Angriparen sette fart mot hjørnet av 16-meteren og prøvde ei avslutning, men den sneik seg på utsida av den lengste stolpen.

Like etter halvtimen passert på Color Line Stadion fekk Robin Shroot si første avslutningsmoglegheit etter at Hødd vann att ballen etter eit hjørnespark, men headinga til briten vart for laus og vart derfor aldri farleg.

Då vart det farlegare då AaFK rulla opp på si venstresida og fekk slått inn til Fredrik Carlsen som kunne avslutte frå like utanfor 16-meteren. Skuddet var velplassert, men Jan-Lennart Urke fekk kontroll.

AaFK gav Hødd ein del trøbbel når dei klarte å sette stor fart mot Hødd-forsvaret, men Hødd var heller ikkje ufarlege når tempoet framover var høgt. Torbjørn Kallevåg sende nesten Sondre Beite åleine på mål med eit fint forsøk i bakrom, men Heigre var observant og fekk pirka unna ballen før Beite nådde fram.

Jan-Lennart Urke i Hødd-målet måtte gjere fleire gode redningar i løpet av den første omgangen, men gav også nokre småfarlege returar. To minutt før pause vart ein av desse putta i nettet, men linjedommaren markerte for offside og målet vart ikkje godkjent.

Det blei med det eine målet i den første omgangen, og det kunne Hødd vere mest nøgde med. AaFK var nemleg nokre hakk betre, utan at det nødvendigvis såg ut til å vere to divisjonar mellom laga.

Islandsk dobbel

I den andre omgangen var det Hødd som hadde den friskaste opninga, og som heldt ballen inne på AaFK sin halvdel dei første par minutta. Magnus Myklebust kom også til ei avslutning frå 16 meter, men markkryparen gjekk rett på innbytar Andreas Lie og vart ikkje spesielt farleg.

Kort tid seinare var «Mos» på farta mot Jesper Törnqvist, men som i den første omgangen gjekk avslutninga frå angriparen utanfor.

Også i denne omgangen skulle AaFK få ei tidleg scoring, og igjen var det Gretarson som stod for målet. Denne gongen bomma Jan-Lennart Urke på ein corner og Gretarson var mest vaken midt i feltet.

No tok AaFK meir over og Sondre Fet prøvde seg med eit skot frå distanse, men utan å treffe innanfor stolpane.

Hødd reiste til Ålesund med berre 11 A-lagsspelarar, og det vart dermed sjansar for ein del av unggutane i klubben. Både Håkon Botn Brautaset og Isak Haanes kom inn tidleg i den andre omgangen.

Men dei klarte ikkje hjelpe Hødd til å tette betre igjen bakover. Etter 64 minutt kom AaFK til innlegg på høgresida, og ingen i feltet fulgte Aron Thrandarson bakarst i feltet, og islendingen kunne dermed pirke inn 3-0.

Og verre skulle det blir for Hødd. AaFK fekk ein av sine mange cornerar og sjølv om Hødd fekk blokkert ei avslutning var det ingen som kunne hindre at Tero Mäntylä sette inn AaFK sitt fjerde.

Robin Shroot var nære på for Hødd etter 77 minutt då han og Bendik Rise kombinerte fint. Shroot blei spelt i bakrom, men vart såpass hindra at han ikkje fekk avslutta med sitt andre touch.

Endå nærare var Sebastian Andreassen for AaFK minuttet seinare, men avslutninga gjekk via eit Hødd-bein og ut til corner.

AaFK heldt fram med å skape sjansar, men også Hødd sine unggutar var farleg frampå. Peter Hasund burde gitt Hødd ei redusering etter 83 minutt då han snappa ei dårleg pasning og kom åleine med Andreas Lie. Angriparen nølte litt for lenge før avslutninga og vart dermed takla i siste liten.

Hødd imponerte ikkje nemneverdig i årets første treingskamp, og var også langt unna borte mot AaFK fredag, sjølv om laget tidvis var fullt på høgde med Eliteserielaget spelemessig. Kampen ber likevel eit visst preg av at Hødd per dags dato har ein noko tynn A-lagstropp og at ein er eit stykke unna der laget var på same tidspunkt for eit år sidan. Då vann Hødd 2-0 i tilsvarande oppgjer.