På førehand hadde Ulstein Storband lova eit rocka samspel med Atle Pettersen, og det fekk publikum til de grader. Pettersen serverte låt på låt med stor innleving, og med så bra akkompagnement som Ulstein Storband gav, fekk publikum betalt inngongspengane fleire gongar igjen.

Skien-guten sjarmerte damene i salen, og imponerte med stemmeprakt og glimt i auget. Då Vikebladet Vestposten møtte han i garderoba etterpå var han like blid og nøgd som under konserten.

- Eg er svært takksam for at eg får komme til Ulsteinvik og spele saman med så dyktige musikarar. Det gir meg ekstra motivasjon til å levere ein god konsert når eg veit eg har så flinke folk bak meg, seier Pettersen.

Storbandet og Pettersen spelte alt i frå "We Will Rock You" av Queen, til "Let it Be" av The Beatles under konserten.

Du kan lese meir om konserten, og Atle Pettersen si oppleving av Ulsteinvik i tysdagsutgåva av Vikebladet Vestposten.