I fem og eit halvt år har Asbjørg Grønmyr budd i leilegheita si i Øvre Ulshaugen. Her trivst ho godt.

På spørsmål om kva ho synest om å bli flytta over til dei nye omsorgsbustadene i Holsekerdalen svarer ho slik:

– Eg skal ikkje flytte. Eg er 94 år og har flytta nok.

Naboane snakkar om det

Grønmyr bur i ei koseleg leilegheit der ho har alt ho treng. Her er bad, soverom, kjøkken og stove. Utanfor har ho eigen parkeringsplass og ein frodig uteplass med blomar og plantar.

Det er ikkje mange meterane bort til dei nye omsorgsbustadene som blir bygd i Holsekerdalen, men ho har lite lyst til å flytte dit likevel.

– Snakkar de naboane noko om det?

– Ja, det gjer me. Og dei har ikkje lyst å flytte dei heller, svarer Grønmyr.

Ho seier at ho ikkje forstår seg på det at det ikkje skal vere brannsikkert å bu her, men om så er tilfellet så er det noko det går an å rette på.

Kjenner seg som brikker

– Dei kan ikkje flytte på folk som nokre brikker. Ikkje har me fått uttale oss heller.