Gandborg har vore tilsett i Hareid kommune sidan 2008. I 2008 vart ho røykdykkar, og i 2011 branningeniør.

Gandborg understrekar at ho har eit godt forhold til kollegaene på Hareid rådhus, og at ho har hatt gode samtalar med sin næraste overordna, Olav Helt Brubakk.

- Hersketeknikk

– Det er nokre av dei frivillige brannmennene som prøver å gjere det vanskeleg for meg. Dei brukar hersketeknikkar, og har blant anna sagt til meg at alle hatar meg, og at dei vil levere inn radioutstyret sitt og slutte som brannmenn viss eg ikkje sluttar. Dei er redde for å møte meg, er blant meldingane eg har fått, fortel Gandberg.

Ho poengterer at det ikkje er alle brannmennene som oppfører seg dårleg, men at dei få det gjeld har gjort kvardagen tøff for henne lenge.

– Eg har fått beskjed om at dei ikkje vil lære seg å køyre brannbil under utrykking av meg, og at kvinner høyrer heime ved kjøkkenbenken, ikkje i brannvesenet.

- Mobba i Fotbladet

I 2015 var det fleire artiklar i 17. mai-avisa «Fotbladet» som handla om Gandborg, artiklar og notisar som ho sjølv oppfatta som mobbing. Gandborg er overtydd om at det er brannmenn som er opphavet til desse artiklane også.

Ei av skuldingane ho har fått er at ho etter eit ran ved ei gullvareforretning på Blåhuset i Ulsteinvik i sin iver braut politisperringane.

– Heilt usant, seier ho sjølv.

Trakasseringa meiner ho har gått føre seg dei siste to åra. Både kommuneleiinga, fagforbundet sitt og bedriftshelsetenesta har vore inne i saka.

– Men eg føler det ikkje har kome noko konkret ut av det. Situasjonen har ikkje betra seg. Det kokar nok ned til at eg er utsett for menn som mobbar meg fordi eg er kvinne i eit litt utradisjonelt yrke. Eg har vore inne på tanken å seie opp, men har bestemt meg for å halde fram, seier Gandborg.

Støtte frå hovudverneombodet

– I 2017 skal det ikkje vere slik at folk blir mobba og diskriminert på grunn av kjønn, slår ho fast.

Hovudverneombod Endre-Johan Ose seier til NRK Møre og Romsdal at han støttar framstillinga til Gandborg.

Rådmann Ragnhild Velsvik Berge uttaler at kommunen har gjort ein god del for å rette på forholda, men at ho vil gjere endå meir.