– I utgangspunktet trudde vi slik som mange andre at denne nedturen ville vare eit år eller to. Men slik det ser ut no vil den vare lenger. Samstundes er det vanskeleg å spå om den vil vare til 2019, 2020 eller 2021. Eg tenkjer at vi må omstille oss så godt som mogleg inn mot segment som kan vare ved over tid, der vi får nytte mange av kvalitetane som ligg i denne organisasjonen, i lokalmiljøet rundt oss, og elles i den maritime klynga i Norge.

Det seier konsernsjef i Ulstein Group, Gunvor Ulstein, til Vikebladet Vestposten. Ulstein presenterte tysdag resultata for 2015, og det var dystre tal som blei lagd fram. Konsernet hadde ei omsetning på 2,3 milliardar kroner og eit driftsresultat på – 95 millionar kroner. Ordinært resultat før skatt var på om lag – 135 millionar kroner, mot nesten 168 millionar kroner i pluss i 2014.

– Det er eit svakt resultat, eg skal ikkje stå her og seie noko anna. Men, vi visste, allereie då vi leverte 2014-resultatet, som var svært bra, at no var dei gode åra over for denne gong. Vi visste at vi kom til å kome inn i mykje meir krevjande farvatn. Det vi ser kvar einaste gong vi har hatt ein bra periode med ein bra marknad, er at det er lett for å legge på seg ekstra kostnadar. Vi har jobba veldig mykje med kostnadsstrukturen vår for å bli meir konkurransedyktige, og vi har jobba mykje med å setje oss inn i andre typar marknadar, for å sjå kva marknad som er tilpassa Ulstein best over tid å gå inn i. Vi ser mellom anna at utforskingscruise er ein interessant marknad, der vi kan nytte kvalitetane og kompetansen til Ulstein Group og lokale underleverandørar, seier Gunvor Ulstein.

Forretningsområda Design & Solutions og Power & Control hadde likevel positivt resultat.

– Først og fremst no må vi prøve å vinne kontraktar, og lande dei til eige verft. Så er det også å selje meir design og designpakkar ute.

– Ingenting verre

Det er rundt 300 tilsette ved Ulstein Verft i dag, rundt 100 har blitt oppsagde, medan om lag 30 er permitterte. Det er 650 i konsernet totalt, mot vel 800 for eitt år sidan. Det smerter konsernsjefen å gjere kvar ei einaste omstilling der stillingar står i fare eller må ryke.

– Det verste ein kan oppleve som leiar, om ein så er toppleiar eller mellomleiar, er å fortelje medarbeidarane sine at ein ikkje har nok jobb, og at dei står i fare for å misse, eller faktisk misser jobben sin. Å permittere tilsette er heller ikkje kjekt. Dette er dei verste avgjerdene ein må gjere som leiar for eit selskap. Det er ingenting som er verre enn å sjå at gode medarbeidarar må forlate arbeidsplassane sine. Vi har vore borte i dette før, men ein blir eigentleg aldri vand med det, seier Ulstein.

Konsernsjefen trur den nedturen Ulstein og mange andre selskap i området no opplever er verre enn nedturane tidlegare.

– Faderen sa det ofte at ein måtte hugse det som skjedde på 1980-talet, då det gjekk godt, før det gjekk gale. Han var bestemt på at vi måtte forvente det ville kome dårlege tider igjen. Eg har prata med Per Sævik og andre, og spurt korleis den nedturen vi opplever no er samanlikna med 1980-talet. Dei meiner at det er tøffare no, enn det var den gongen. 80-talet er ein historisk peikepinn, for det gjekk lang tid også då før marknaden kom seg igjen, og ein måtte også då finne andre bein å stå på. Vi må ta med oss noko av den lærdommen og nytte det til det beste for Ulstein Group og samfunnet rundt.

Gunvor fortel at salsavdelinga og alle dei andre avdelingane i Ulstein jobbar på for å sikre nye kontraktar til Ulstein Verft.

– Vi skulle gjerne skrive nye kontraktar for fleire månadar sidan. Men samstundes meiner eg at vi jobbar veldig godt og målretta mot å få til noko på sikt. Eg vel å sjå på det som at vi er ein dag nærare ei ny kontrakt for kvar dag som går, seier Ulstein.