Hareid har gjentatt suksessen frå 2015 då dei nok ein gong har tatt seg til ein finale i A-sluttspelet i Norway Cup. Gutane frå Hareid har feia unna all motstand ved å vinne alle sine kampar, inkludert møtet med naboklubben Bergsøy IL i semifinalen. Denne kampen vann Hareidsgutane 2-4.

I finalen i A-sluttspelet for gutar 15/16 på 7-ar bane, var det duka for eit realt Vestlandsoppgjer, då motstandaren var Førde IL.

- Vi er sjølvsagt spent, men vi skal spele vårt spel, gutane er rolige og konsentrerte. Så dette skal gå bra, sa lagleiar Astrid H. Holstad på telefon frå Ekebergsletta rett før kampen.

Jamn første omgang

Hareid tok leiinga før det første minuttet hadde gått, med scoring av Kim-Andre Lid Alvestad etter eit fantastisk solo-raid framover mot mål. Og det berre etter 52 sekund!

Hareid hadde god kontroll før og like etter scoringa, men etter ein defansiv feil, kom Førde sterkt tilbake i kampen då dei utlikna allereie i det femte minuttet, etter scoring av Håkon Berg. Førde viste gode tekniske ferdigheiter i første omgang.

Etter 12 minutt hadde Hareid ein kjempesjanse etter eit skudd på mål av August Brandal, som raskt kunne gått i mål. Det gjorde seg likevel ikkje den gangen.

Utover i omgangen byrja laga og kjenne kvarandre sine svakheiter og styrker, noko som gjorde omgangen svært jamn.

I det 20 minuttet scora likevel Førde igjen etter scoring av kaptein Kristian Bell.

Men reduseringa kom allereie i det 23 minutt, der August Brandal fekk ballen frå ein corner og vrei seg forbi ein forsvarsspelar og sette ballen i mål.

Rett før første omgang var over, kom nok ein kanon frå August Brandal. Keeper redda og Hareid gjekk dermed ikkje opp i leiinga til før sidebyttet. Stillinga var 2-2 til pause.

Hareid tok leiinga i andre omgang

Starten på andre omgang var noko nervøs frå begge lag. Men det losna etterkvart og tempoet tok seg opp.

I det 37 minuttet satt det igjen for Hareid. Kim-Andre Lid Alvestad tok seg nok ein gong framover på bana, og etter å ha tatt tunnel på ein av Førde-forsvarane, nådde ballen etterkvart nettmaskane. 3-2 til Hareid!

I det 42 minutt kom eit hardt skudd på mål frå midtbana av kaptein Håvard Mork Breivik. Keeperen redda skuddet.

Førde pressa på for å få ei utlikning, men det gjorde seg aldri for gutane frå Førde.

Hareid IL sigra til slutt i finalen med stillinga 2-3. Ingen hadde sjans å stoppe eit Hareidslag i fyr og flamme i denne turneringa. Utan tap i ein einaste kamp, er Hareidsgutane ein verdig vinnar av årets Norway Cup. Gratulerer!