Det er svært tøffe tider i regionen, også for hotella. Då hotelldirektør Linda Haddal Røssevoll gav beskjed til Utlendingsdirektoratet om at Melshorn Hotell kunne ta i mot 112 asylsøkjarar, var det framtida til verksemda og dei tilsette som stod i hovudet hennar, og ikkje minst eit ønskje om å hjelpe.

– Det er leit å sjå kor mykje fokus det er i media på at dei som opprettar mottak berre er ute etter pengar. Det er sjølvsagt ein av fleire faktorar, men for oss var dette ei moglegheit til å sikre drift ei stund til framover og sikre arbeidsplassane til våre tilsette, seier Haddal Røssevoll.

Fredag kjem dei

Då Vikebladet Vestposten tok turen til Melshorn Hotell måndag ettermiddag var dei tilsette i full gang med å gjere den siste finpussen. Tysdag kom beskjeden frå UDI om at dei 112 asylsøkjarane kjem til Hareid ved midnatt førstkomande fredag. Asylsøkjarane kjem då med buss frå Stokke. Det er både einslege vaksne og barnefamiliar som kjem oppover.

– Det blir godt å endeleg kunne ønskje dei velkomne, seier Linda Haddal Røssevoll til Vikebladet Vestposten.

For å sikre vidare drift

Linda har som mange andre fått med seg oppstyret som har vore i Herøy, med skuldingar retta mot ordførar Arnulf Goksøyr for å ha ei dobbeltrolle, som eigar av det nye akuttmottaket Christineborg Gjesthus på Runde og ordførargjerninga. Men også skuldingar som går ut på at han berre er ute etter å tene pengar.

– Eg kjenner Arnulf, og veit at også han har hatt utgifter knytt til det å setje i stand bygget, lønskostnadar og anna. Det er ikkje slik at verken eg eller han berre ønskjer å gjere oss rike på dette. Vi er bedriftseigarar som begge ønskjer at bedriftene vi eig og driv skal ha eit livsgrunnlag. Slik det er no så hadde eg truleg for min del vore nøydd til å avvikle drifta av Melshorn Hotell ikkje lenge etter nyttår om ikkje dette hadde kome på bana, seier ho og legg til:

– Så skal det også seiast at den eventuelle kjøparen av bygget hadde ikkje kjøpt det for å drive hotell, men for å drive mottak. Det er eg sikker på, seier Linda.

Oppgraderer for pengane

Til no har eigarselskapet fått 1,9 millionar kroner, for perioden 7. desember og ut året.

For å forklare kva kostnader som er knytte til ei slik forplikting fortel Linda Haddal Røssevoll gjerne kva pengane faktisk blir nytta til. Store delar av dette beløpet har gått rett ut igjen, for å gjennomføre ei naudsynt oppgradering av hotellet.

Hotellet får no montert ein flunkande ny brannsentral til ein kostnad på 400.000 kroner pluss moms. Kjøleanlegget er skifta ut for 100.000 kroner. Nye senger er komne på plass for 110.000 kroner, og dyner for 40.000 kroner er handla inn og lagt på sengene.

Lysarmaturet i lyktestolpane på utsida av bygget er skifta ut til ein kostnad på 70.000 kroner.

No er hotellet også kopla over på det kommunale kloakkanlegget, noko som kosta 200.000 kroner inkludert graving.

I tillegg til dette kjem løn til dei seks fast tilsette. Om mottaket kjem i drift snart blir det totalt 15 tilsette, pluss ekstrahjelper i sving.

– Eg har slutta av all anna drift av hotellet, noko som blei gjort tre veker før det fekk status som akuttmottak. Alle dei faste utgiftene held fram, sjølv om vi sluttar med hotelldrift, seier Linda Haddal Røssevoll til slutt.