Møre og Romsdal fylkeskommune har tildelt kontrakten for ferjesambanda Aursneset-Magerholm og Hareid-Sulesund til Fjord1 AS. Kontrakten inneber ein omfattande reduksjon av CO2-utslepp, bruk av fossilt drivstoff og samla sett lågare energibruk. Det skriv Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding.

Reduksjon av utslepp

Det vert bygd fem nye plug-in elektriske ferjer med ein hybridiseringsgrad på 95%. Med dei nye ferjene blir CO2-utsleppa redusert frå om lag 18.000 tonn årleg i dag til om lag 1.900 tonn årleg - ein reduksjon på 89% av slike utslepp.

Kontrakten startar opp i 2019 og 2020

Den nye kontrakten startar opp 1. januar 2019 på Hareid-Sulesund og 1. januar 2020 på Sykkylven-Magerholm, og vil gjelde til 31. desember 2030. Fjord1 AS har tilbydt den lågaste prisen og har nesten full skår på miljøpoeng, melder fylkeskommunen. Det er Norled som driv sambandet mellom Hareid og Sulesund fram til årsskiftet 2018/2019.

God konkurranse

- Det har vore god konkurranse om oppdraget, og vi er trygge på at vi saman med Fjord1 vil gje trafikantane eit godt tilbod i åra framover, seier Arild Fuglseth.

Karensperioden for tildelinga varar fram til 23. mars 2017. Kontrakten blir signert etter at karensperioden er over.