Kleven har inngått kontrakt med DESS Aqua, eit joint venture-selskap eigd av Marine Harvest og Deep Sea Supply, om bygging av eit fartøy for slakting og transport av laks frå oppdrettsanlegg til prosesseringsanlegg.

Fartøyet skal leverast frå Myklebust Verft i mars 2018, og er av SALT 425 FHV-design frå Salt Ship Design. Kontrakten inneheld også opsjon på eit fartøy til.

- Det er mykje spennande utviklingsarbeid som skjer innan oppdrettsnæringa, og dette er ein marknad vi ønskjer å vere i, seier konsernsjef Ståle Rasmussen i Kleven.

- Slaktebåt er ein ny fartøytype for oss, og vi ser fram til eit nært og godt samarbeid med reiarlag, designselskap og utstyrsleverandørar på dette prosjektet. Fartøyet passar godt inn i vår profil og byggeprogrammet på Myklebust Verft, seier Rasmussen.

I tillegg til denne slaktebåten har Myklebust Verft fem fiskefartøy til ulike internasjonale eigarar og to brønnbåtar til Sølvtrans i ordreboka.