Terje Eiken er blitt utnemnt til æresmedlem i MusikklagetUlf. Dette skjedde då Ulf feira sine 120 år med jubileumskonsert i Sjøborgfredag kveld.

Det var ei svært lang liste av verv Ulf-leiar BjørnSkodjevåg las opp då han introduserte den nye æresmedlemen, som fekk ståandeapplaus frå dei 200 frammøtte. Innsatsen hans er stor, også når den blir måltpå nasjonalt nivå.

– Dette kom heilt uventa på meg. Men eg vart også svært glad.Det å bli æresmedlem i Ulf heng jo ganske høgt, sa Terje Eiken, truleg velvitande om at ingen nolevande kan smykke seg med denne tittelen.

Litt tidlegare hadde Eiken – som var fjellstø konferansiérfor konserten – fått medalje og diplom for å ha vore med Ulf i 55 år. Sameheider vart tildelt Gunnar Skodjevåg.

Les om konserten i papiravisa tysdag.