Oppsummering 1. omgang

I solsteiken på Fosshaugane Campus var det heimelaget som tok kommandoen frå start.

Allereie etter nokre få minutt var kaptein Jesper Törnqvist uheldig med ei heading, som spelte Kristian Opseth gjennom på blank hald. Heldigvis for Hødd lobba han ballen over mål.

Mål vart det derimot like før kvarteret, då Robin Shroot fekk slå åleine på bakaraste stolpe etter eit innkast. Den tidlegare Hødd-spissen hamra ballen i mål.

Hødd var meir med dei siste 10-15 minutta før pausen, men klarte ikkje å truge heimelagets Stefan Hagerup i målet.

Det enda derfor 1-0 halvvegs.

Oppsummering 2. omgang

Innbytar Kallevåg fekk ein kjempesjanse til å utlikne etter timendå han vart spelt heilt åleine gjennom på venstresida, men sjansenrann ut i sanden og keeper Hagerup fekk stoppa angriparen.

Berreminutt seinare var Hødd nære å skape trøbbel for seg sjølv dåVictor Grodås svinga inn eit frispark. Klareringa hamna rett inn ifarleg rom, men blåtrøyene fekk avverja på streken.

Aursnes haddebåde langskot og frispark som kunne ha snike seg inn for Hødd, mendet ville seg ikkje for bortelaget.

Det gjekk mot eit fjerde strakeserietap, men i det siste tillagte minuttet dukka Ole Amund Sveen opp og heada inn 1-1 for Hødd.

Sindre Eid og co fekk derfor med seg eitt poeng frå Sogndal.

Vi følgde kampen: