Ulstein kyrkjelege fellesråd hadde onsdag 11. mars oppe til drøfting saka om plassering av ny arbeidskyrkje i Ulsteinvik. Valet stod mellom to tomter: Store Vikeholmen og tomta ved Ulstein kyrkje, der det i dag står eit kommunalt hus.

Knapt fleirtal

- Resultatet vart eit knapt fleirtal for Store Vikholmen. Diskusjonen bar preg av ein god og open prosess med godt saksgrunnlag. Det var stor semje om både fordeler og ulemper med begge tomtealternativa, men ulik vekting av momenta. Fellesrådet meiner imidlertid at begge alternativa vil fungere godt med tanke på ei ny kyrkje for ei ny tid, uttaler Norunn Kirkebø Elde som er leiar i fellesrådet, i ei pressemelding som er underskrive av Ulstein kyrkjelege fellesråd.

Saka går no vidare til kommunen for politisk handsaming.

Arkitektkonkurranse og finansiering

- Uansett kva tomt kommunestyret vel av dei to, vil Ulstein få ei god og tenleg kyrkje, som saman med den gamle vil vere eit godt reisefølgje for medlemene i kyrkja og alle i lokalsamfunnet. Vi ser fram til at milepælen tomteval kan markerast, slik at arbeidet med arkitektkonkurranse og finansiering kan ta til, står det i pressemeldinga.