Med det sette stortalentet som representerar Dimna IL og Norge også personleg rekord. Han enda øvst på premiepallen med det flotte resultatet.

- I tillegg til det sletta han med dette resultatet ein av landets eldste kretsrekordar (kanskje den eldste). Den gamle rekorden var frå 1934 og lydde på 7,53. Rekordhaldaren var Otto Berg frå Molde, fortel trenar Arve Hatløy via mobiltelefon frå Tyskland.

På 200 meter eit par timar etter, sprang han inn til ein grei 4. plass, på tida 21,10.

- Han hadde litt tunge bein etter lengdekonkurransen, seier Arve Hatløy.

Hatøy har vore ansvarleg for dei norske utøvarane under stemnet i Mannheim.

Berre 6 hundredelar frå juniorrekorden

På 100 meter laurdag ettermiddag enda Warholm opp i B-finalen, der han sprang i mål på tida 10.89. Tidlegare laurdag ettermiddag sette han ny årsbeste tid i verda på 110 meter hekk. Han forbetra sin personlege rekord frå 14,05 til utrulege 13,48. Tida er berre 6 hundredelar bak Vladimir Vukicevic sin norske juniorrekord.