- Kontrakten med Maersk blei teikna i oktober 2014, og laud den gongen på seks nybygg pluss fire i opsjon. Opsjonen fall som kjent vekk, men vi er godt nøgde i dag med at vi har seks flotte båtar under konstruksjon. Fire her på Kleven Verft, medan modular til dei to siste er under konstruksjon både her og i Polen, seier Oddvar Pedersen.

Vikebladet Vestposten møter Pedersen, som er prosjektleiar for Maersk-kontrakten, og kommunikasjonssjef Ellen Kvalsund. Med utsikt til dei flotte båtane som er under konstruksjon ved kaia og på beddingen på Kleven, er både Pedersen og Kvalsund opptekne av betydinga av desse kontraktane, og dei andre kontraktane som sikrar konsernet jobb fram til og med 2018.

«Samleband»-produksjon

Maersk er eit veldrive konsern, som stiller store krav til kvalitet. Dei seks båtane Kleven byggjer for Maersk er heilt identiske. Men, dei fire første skil seg litt ut frå dei to siste.

- Det er ein forskjell. På dei fire første er det eit såkalla LARS ROV-system, ei kran for å senke ned og heve opp igjen ubemanna ubåtar. Elles er båtane så å seie prikk like, seier Oddvar Pedersen.

At dei 95 meter lange og 25 meter breie båtane er like gjer ikkje nødvendigvis jobben med å byggje dei noko enklare.

- Det blir jo ein slags «samleband»-produksjon, i og med at vi byggjer dei etter same teikningane. Men, det er klart at det likevel er krevande for organisasjonen å ha seks fartøy til same kunde i ulike stadier av byggeprosessen.

Det er Salt Ship Design AS som står for design på dei seks fartøya (Salt 200 AHTS).

Flåtefornying

Maersk skal selje ut inntil 20 båtar på verdsbasis, og vil i same følgda byggje nye. Kleven ser på det som ei stor ære å få byggje nye båtar for det danske konsernet som har over 250 båtar i flåten, og som opererer innanfor mange ulike segment over heile verda.

- Det er eit enormt reiarlag. Det var også gjennom interessa for Maersk at Discovery Channel hadde folk her hos oss og dokumenterte bygginga. Det er ein god referanse for oss å få byggje båtar for eit av verdas største shippingreiarlag. I desse tidene er det ein fordel å ha kontrakt med eit stort, velrenommert og veldrive reiarlag. Dei har fleire bein å stå på sjølv om dei også merkar effekten av tidene vi er inne i, seier Ellen Kvalsund.

Det har bydd på fleire utfordringar med eit så omfattande prosjekt.

- Det er store og kompakte skip. Dei er medium store ankerhandteringsskip som er godt eigna til jobben dei blir sett til, seier Oddvar Pedersen.

Framleis god ordrebok

Dei fire første er altså under bygging ved Kleven Verft. Skrogdelar til det femte og sjette skipet kjem til verftet i høvesvis februar og april i 2017. Det første skipet skal overleverast i januar/februar neste år, og dei fem neste i løpet av 2017. Yachten til forretningsmann Graeme Hart blei levert i førre veke. Etter denne leveransen har Kleven no ein ordrereserve på rundt 11 milliardar kroner.

- Det er ei god ordrebok, men den må fyllast på. Siste arbeidet i platehallen på Maersk-båtane blir allereie i januar, men så kjem hurtigrutene. Vi har bra med jobb slik det er no, men vi må sikre oss nye for å halde fram slik, seier Ellen Kvalsund.