3.-divisjonslaget Herd var Hødd sin tredje motstandar i årets sesongoppkøyring, og det såg tidleg ut som at Hødd ønskte å levere noko litt anna etter 4-0 tapet mot AaFK sist.

Samanlikna med sist Hødd møtte 3.-divisjonsmotstand, i 1-0 sigeren mot Spjelkavik, var det meir fart og meir fasong over det Hødd leverte frå start på Høddvoll.

Tre frå Shroot

Spesielt såg det ut til at Robin Shroot var spelelysten frå start, og det var berre gode involveringar frå ex-Høddar Audun Øvrelid som hindra briten i å sette eit par tidlege scoringar.

Men Shroot let seg ikkje stoppe. Midtvegs i den første omgangen sette han inn 1-0 på hovudet etter eit innlegg frå venstre. Og når Shroot først var i gang så let han seg ikkje stoppe. 2-0 kom etter ei mønsterkontring frå Hødd si side, der Jesper Törnqvist var med over heile bana. Stopparen sitt innlegg vart stoppa av ein Herd-spelar, men både Hødd-spelarane og dommar var samde om at han brukte handa for å hindre innlegget, og dermed fekk Shroot sjansen frå 11 meter.

Han gjorde ingen feil, og sette enkelt inn Hødd sitt andre.

Shroot var også involvert då det blei 3-0, etter å ha ført ballen opp mot Herd sin 16-meter, der han vart takla på ureglementert vis. Bendik Rise fekk sjansen på frisparket og skrudde ballen fint opp i det næraste hjørnet.

Og kort tid før pause skulle det også blir fire for Hødd. Igjen var det Shroot, som vart spelt fint fram i midten og som kontant sette ballen i det lengste hjørnet. Eit fint Hødd-angrep og ei god avslutning frå briten.

Kjapp scoring etter pause

Etter pausen sette Hødd inn Daniel Eid og Hugues Wembangomo for Bendik Rise og Jesper Törnqvist.

Og Hødd brukte ikkje lang tid på å sette sitt preg på den andre omgangen heller. To minutt ut i den andre omgangen sende Sondre Beite ei høg pasning inn i feltet, der Eirik Franke Saunes pirka vidare til Magnus Myklebust som avslutta i mål på direkten til 5-0.

Hødd stilte med mindre unggutar frå start enn venta, men også dei fekk sjansen. Håkon Botn Brautaset kom inn for Sondre Beite etter 55 minutt. Fem minutt seinare ordna han ein halvsjanse etter at Herd ikkje fekk klarert ballen i mellomromet, men avslutninga frå utkanten av 16-meteren gjekk rett på keeper.

Daniel Eid fekk ein kjempesjanse etter at Robin Shroot blei takla av keeper og ballen kom ut i returromet, men skuddet frå Eid gjekk rett tilbake mot keeper som slo ballen til corner. På den var Steffen Moltu suveren i feltet, men headinga frå fem meter gjekk litt over tverrliggjaren.

Med 25 minutt igjen fekk publikum også sjå Didrik Sereba for første gong denne sesongen då han kom inn for Magnus Myklebust. No gjorde Hødd fleire byter, og Sveinung Tilseth  og Peter Hasund kom inn for Martin Mork Breivik og Eirik Saunes.

Også Herd gjorde ei rekkje byter, og gav mange unge spelarar sjansen. Det førte også til at tempoet i kampen datt ein del og at Hødd ikkje vart særleg utfordra på eigen halvdel.

I staden fekk Didrik Sereba ei fin moglegheit etter fint Hødd-spel, som enda med at Sereba kunne avslutte på direkten frå om lag 18 meter, men ballen gjekk halvmeteren til side for mål.

To frå innbytarar

Det gjorde den ikkje kort tid seinare, då Peter Hasund vakkert vart spelt gjennom av Robin Shroot. Hasund sette ballen til side for keeper til 6-0 til Hødd.

Og Didrik Sereba ville også vise seg fram. Han fekk ballen midt på Herd sin halvdel, avanserte nokre meter og sette ballen kontant i det lengste hjørnet med ei fin avslutning.

Hødd vann dermed heile 7-0 i årets tredje treningskamp og var aldri truga av Herd.