Varaordførar Kristian Fuglseth og leiar Kjetil Nesset i Næringsutvalet for Hareid kommune, (begge Folkelista)  meiner det må kome fortgang i planane om eit helsehus i Hareid sentrum. Dei viser til at både Hareid Eigedomsutvikling og Ulstein Betong Constructer har lansert kvar sine løysingar for helsehus i Hareid sentrum.

Treng eit retningsval

– No er vi komne dit at vi treng eit retningsval frå kommunestyret, meiner Nesset.

Varaordførar Kristian Fuglseth meiner kommunen ikkje kan vente på ei detaljregulering av alle alternativ til plassering.

– Førsteprioritet for Folkelista er nytt helsehus. Vi har arbeidd med fleire alternativ allereie, og vurderer kva som er best for sentrumsutviklinga. I tillegg må kommunen si involvering stette behova til dei velferdstenestene kommunen skal tilby no og i framtida. Dette skal svare til dei ressursane som kommunen skyt inn, forklarar Nesset.

– Hareid må gjere eit aktivt val. Helsehuset på Hareid kan huse det som trengst i ein større sentral, i staden for å vere eit minstetilbod underlagt andre, meiner Fuglseth. Ei samling av tannhelseteneste i det nye bygget kan skreddarsy løysingar for heile regionen, og dette vil ha mykje å seie for storleiken på helsehuset og kommunen sin del av prosjektet.

Ordføraren er samd

Ordførar Anders Riise (H) er samd med Fuglseth og Nesset i at det hastar med å gjere eit retningsval. Ordføraren er leiar i styringsgruppa og Kjetil Nesset er styremedlem.

Komande torsdag har Hareid kommune på trykk ein annonse der dei ber om innspel om helsehus frå fleire private aktørar.

- Der ber vi om innspel frå private aktørar. Eg har fått signal om at det er fleire enn dei to som alt har lansert ideane sine, som er interesserte, fortel ordføraren.

- Kommunen må følgje lova

Han understrekar at det for kommunen ikkje er berre å velje det dei synest tek seg best ut.

– Kommunen må følgje lova om offentleg innkjøp. Vi må ha ein open konkurranse, forklarer Riise.

Han meiner kommunestyret 17. november må ta stilling til fire punkt:

1. Geografisk plassering

2. Om kommunen skal bygge sjølv på eigen grunn

3. Om kommunen skal kjøpe seksjonar hos privat aktør

4. Om kommunen skal leige areal til eit nytt helsehus.

Ulstein Betong Constructer med Harald Sætre (f.v.), Nils Erik Skeide og Glenn Thoresen i spissen, meiner løysinga kan vere eit helsehus på tomta mellom Hareid rådhus og Melshorn Hotell.