Ulstein Arbeidarparti har hatt medlemsmøte. Den einaste saka som var oppe var nominering kandidatar til dei to første plassane på partiet si liste til kommunevalet 2015

Nominasjonsnemnda hadde innstilt Magne Grimstad jr. som ordførarkandidat og på første plass. På andre plass og nominert som gruppeleiar i kommunestyret for Ulstein Arbeidarparti neste periode har valet falle på Renathe Rossi-Kaldhol.

Begge kandidatane takka ja til nominasjonen.

- Saman med resten av partilaget kan dei no ta fatt på oppgåva med å byggje fleirtal for ein ordførar frå Arbeidarpartiet i Ulstein kommune i neste periode og få veljarane si støtte til ei endå større gruppe frå Arbeidarpartiet i kommunestyret, heiter det i ei presemelding frå Ulstein AP.

Ulstein Arbeidarparti har seks representantar i kommunestyret og to representantar i formannskapet i den inneverande perioden.

Begge dei nominerte kandidatane sit i Ulstein formannskap i denne perioden og har kvar for seg fartstid frå m.a. kommunestyre og utval.

Det er femten månader att til kommunevalet. Den tidlege nominasjonen av ordførarkandidat og gruppeleiarkandidat er i tråd med Arbeidarpartiet sin praksis på nasjonalt plan.

Nominasjonsnemnda ventar å ha resten av vallista til Ulstein Arbeidarparti klar til endeleg godkjenning innan 1. desember.