– Dette blir gjort som eit trafikktryggingstiltak, forklarer kommunalsjef Arne Runar Vik.

– Ja, om nokre bilistar må køyre nokre minutt lengre mot at skuleelevane får ein tryggare skuleveg er det verdt det, seier Vegard Ertesvåg frå teknisk etat.

Det har lenge vore diskutert at noko må gjerast med skulevegen. – Situasjonen her var heilt uhaldbar i vinter, kommenterer Vegard Aksnes som er leiar i FAU ved Ulsteinvik barneskule.

Fleire tiltak

Ulstein kommune har no gjennomført fleire tiltak for å betre tilhøve. I tillegg til at det ikkje er lov for bilar å køyre i Bakkegata mellom Prost Ankers gate og avkøyringa til Ulstein ungdomsskule på kvardagar mellom klokka 8.10 og 8.40, har der kome ein fotgjengarovergang i Bakkegata. Det har kome eit gangfelt og der er merka kvar fotgjengarar skal gå. Det har kome ein spegel for bilistane i Skulevegen. Avkøyringa inn til ungdomsskulen er breiare, så no er det mogleg for to bilar å passere kvarandre.

Oppmodar elevane til å gå

Kjell Lunde, rektor ved Ulsteinvik barneskule, oppmodar flest mogleg til å ta beina fatt for å gå. Det er når foreldra køyrer borna sine til skulen at dei farlege situasjonane oppstår.

Men om nokon skal køyre borna sine til skulen, er det mogleg å setje dei av på parkeringsplassen til ungdomsskulen, så kan ein bruke parkeringsplassen som rundkøyring.

Politioverbetjent Leif Arne Mork vil oppmode foreldra til å ikkje setje av borna i skuleområdet i det heile. Dei kan heller la borna gå nokre ekstra meter. Vik tipsar om at dei kan setje av borna ved Vito (Eurospar) og la borna gå derifrå.

Tida for å gjere noko

Arne Runar Vik kommenterer at grunnen til at dei set i gang med ein del tiltak no er at Arena Ulstein er under bygging, og Gjerdegata er stengt. Foreldra kan ikkje lenger setje av borna i Gjerdegata. Og dei som har rett til skuleskyss må gå av i sentrum, i staden for Gjerdegata.

Mork varslar at politiet vil vere til stades og følgje opp dette. Særleg no i starten vil dei vere der ein del for å rettleie. Etter kvart som dei synest at dette er noko folk bør ha fått med seg, vil dei gjennomføre stikkprøver å bøteleggje dei som køyrer illegalt.